Skip to main content
Monthly Archives

September 2020

SjÄ pÄ den fine flokken min!

Av Ukategorisert2 kommentar

Sauene mine er presentert pÄ sidene til Matbyen Bergen, bÄde med tekst, foto og ein fin film. Eg frydar meg over dette. (minus Ä hÞyre og sjÄ seg sjÞlv, det er berre sÄ innmari kleint) Klikk pÄ linkane under bildet.

https://www.facebook.com/visitbergenofficial/videos/300216554577194

https://www.visitbergen.com/spisesteder/matbyen-bergen/villsau-en-lokal-delikatesse-pa-vestlandet?fbclid=IwAR1wYaeC8u8qeOyUoNzEiUIlXBao3o8cSDXWmTUC_An_Tajq-NNrmNBJTXc

Silvio og Silvana.

Av SauenIngen kommentar
Silvana SĂžlvidotter (t v) og Silvio SĂžlvison. KĂ„ra til det sĂžtaste tvillingparet i Gripen i 2020.

Eg vil helst ikkje ha tvillingar, og eg prÞvar Ä regulere med fÎring. Dette Äret fekk eg det til, og har fÄtt berre tre tvillingpar. SÞlvi, Lilly Gullsdotter og Nadja SÞlvidotter var dei tre som fekk tvillingar. Kvifor vil eg ikkje ha tvillingar? Fleire grunnar. Lamma vert ofte stÞrre nÄr dei er enklingar. Det er lettare for mora Ä forsvare lamma mot rovdyr og rovfuglar nÄr ho har berre eitt. Og neste Är har eg tenkt Ä byrje Ä mjÞlke nokre av sauene. Har dei tvillingar, er det ikkje nok mjÞlk til at eg kan gjere det. Dette er alle svÊrt gode grunnar til Ä helst ikkje ville ha tvillingar. Det tyder ikkje at eg er glad for kvart einaste lam som kjem. Desse to er i alle fall grusomt sÞte. Og dei vil vere saman, slik tvillingar vil. <3

Grunnarbeid, utfordringar, problem og lĂžysingar.

Av Garden, HendingIngen kommentar

Det er mange utfordringar i eit slit stor prosjekt, der me gjer det meste pÄ gamaldags vis (minus litt el-verkty) . Frunnarbeid er det vanskelegaste synnest eg, for eg har ikkje gjort sÄ mykje av det tidlegare. Men eg har kome til at eg vil grave ei grÞft pÄ innsida av veggane, fylle med singel og leggje ned dreneringsrÞyr. I staden for pumpestasjon, legg eg alt med helling, slik at vatn renn ut, pÄ naturleg vis. I dei to romma i kjellaren skal eg ha stÞypt golv med helling, der vatn og land vert drenert ut. Eg skal ha kyr her, sÄ det vert 30 cm med flis-talle pÄ betongen. Der kan kyra gÄ fritt ikring og liggje der dei vil, og gÄ ut og inn nÄr dei vil. Og vere saman med kalvane sine nÄr dei kjem i mÄnadsskiftet november -desember.

Ull frÄ elska sauer

Av Sauen, Ull og sliktIngen kommentar

Garn pĂ„ individnivĂ„. Eit ekte Gripenprodukt frĂ„ fĂžrst til sist. FĂžrst har eg ala opp sauen, stelt med han , medisinert og passa pĂ„, sĂ„ har eg temt og vorte ven med sauen, og vorte veldig glad i han, slik eg ikkje klarar Ă„ la vere Ă„ verte, sĂ„ klart. SĂ„ har eg nappa sauen og lagt ulla i sekk med namnet til sauen pĂ„, og dato for napping. SĂ„ har eg handkarda ulla, og sĂ„ spunne ulla pĂ„ ein av dei fine rokkane mine. Heile vegen har sauen vore med. Eg tenkjer ofte pĂ„ sauen medan eg held pĂ„, eg vert kjend med ulla til akkurat denne sauen. Merkelapp med namn og Ă„rstal fĂžlgjer med heile vegen. PĂ„ lappen pĂ„ sekken, kan det td stĂ„. Inka, 2020. Lett Ă„ nappe. Nyter det. Alle sauene har sin plass i ull-kartoteket mitt. Ei lita hespe med garnprĂžve og ein dott med representativ ull. PĂ„ merkelappen stĂ„r det opplysningar om tidspunkt for napping, kor lett det var, eller om det var nĂždvendig Ă„ klippe litt (eg luggar dei aldri, det er vondt for dei. Sit det godt, vert det klipping, eller sĂ„ ventar eg nokre veker til). SĂ„ skriv eg om sauen likar det, eller kanskje er kilen, om ulla var skiten, om det td var tova i nakken, om det var dyrehĂ„r, stor forskjell pĂ„ tog og tel, mm. Av og til kan det stĂ„ slikt som: Lucie ville ikkje vere ferdig, og lura seg inn i kĂža for ein ny omgang. Eller: dette var ei skikkeleg kosestund. Eller: Iris likar det ikkje, ho er sĂ„ kilen. DĂ„ gjeld det Ă„ gjere det sĂ„ fort og forsiktig som muleg, og ikkje vere sĂ„ nĂžye, resten ramlar av til slutt uansett. Min ven Didrik likar verkeleg ikkje Ă„ verte nappa, sĂ„ dĂ„ ventar eg sĂ„ lenge som muleg, slik at det sit veldig laust. Det virkar som han synest det er lite ĂŠrerikt Ă„ verte nappa, sĂ„ me treng ikkje Ă„ ha publikum, tenkjer eg. SĂ„ gĂžymer me oss ein stad, han og eg, og fĂ„r det gjort. Å hildrande du, kor eg elskar desse sauene mine!

Didrik og bonden
Didrik, min trufaste ven og gode hjelpar.

Det skjer! Komande kurs i Gripen hausten 2020.

Av Kalender, Kurs, Kurs og workshop, Sauen, Ull og sliktIngen kommentar

PÄ grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til Ä vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesÞkfronten. MEN, me stÄr no pÄ likevel, med noko fÊrre deltakarar enn vanleg. Noko som faktisk kan auke utbytet av kursa for den einskilde deltakar, som kan fÄ endÄ meir hjelp av oss som held kurset.

Det fĂžrste kurset er plantefarging med den fantastisk flinke Sascha Camilla Gade frĂ„ Vaid plantefargeri. Tenk at ho faktsik skal halde kurs i Gripen, og har lyst til akkurat det! Ein typisk vinnvinnsituasjon. 🙂 Det vert to kurs med Sascha, eit 12. september, og eit i Ullveka, den 25. oktober. For kurset i Ullveka, sjĂ„ link lengre ned. For pĂ„melding til kurset 12. september, meld deg pĂ„ her: https://vaid-no.myshopify.com/collections/nyheter/products/kopi-av-1-dags-plantefargingskurs-15-august-1

Nydelege fargar, bÄde naturfargar, og slike som sparkar ( alle er basert pÄ plantefarging)

SĂ„ vert det tre spinnekurs i Ullveka. Vigdis Valde er hovudkurshaldar og spinneproff, eg er hjelpar, reparatĂžr og tilretteleggjar. (spinoff assistent) To av kursa har fokus pĂ„ rokken som helst skal vere din ven for livet. I eit av kursa fĂ„r rokken mykje merksemd. Har du ein rokk du er usikker pĂ„ om virkar som han skal , har du kanskje ikkje prĂžvd han, eller ikkje fĂ„tt til noko godt kompaniskap med han, kan du og rokken kome hit, og sĂ„ finn me ut kva som er gale. Det kan bĂ„de vere teknikken, eller rokken, – eller begge deler. Ikkje fortvil, me hjelper deg. Og er rokken ikkje i stand til Ă„ gi deg det du treng, har me rokkar her du kan sjĂ„ om du likar betre. Det andre kurset er det meir fokus pĂ„ teknikk, men ein rokk som fungerar frĂ„ starten.

Denne nydelege rokken er frĂ„ Telemark, og har karveskurd og Ă„rstal og initialar. Men for ein mitete skranglerokk! Eg tenkte kanskje har var heilt utanfĂžre redning, men med liming, nye delar, pussing, tuning og smĂžring, malar bĂ„de han og eg. Vener! Pass forresten pĂ„ Ă„ ikkje bruke noko anna enn den finaste olje til rokken din, som den beste symaskinolje. FĂžr brukte dei hĂžnsefeitt, sĂ„ om ikkje lenge sĂ„ kjem eg nok til Ă„ koke ei hĂžne…eller meir truleg ein ufordrageleg hane.
To hesper med garn spunne med Sara SuperullSaraull. Ei hespe med dekkhÄr, og ei nestan utan. SÄ ubegripeleg mjukt. Gamle sÞya mi. <3

I det tredje spinnekurset ser me nÊrmare pÄ det eintrÄda garnet. Den einsame trÄden. Den eine trÄden som Äleine mÄ ha alt eit garn treng for Ä vere brukande. Han mÄ vere sterk nok gjennom heile nÞstet, elles vert det hol i strikkinga. Dette skal me studere og spekulere kring. Det kjem til Ä verte skikkeleg fint, trur eg. Eg fÄr nesten lyst til Ä skrive eit dikt til den einestÄande trÄden. Kanskje me kan gjere det saman pÄ kurset.

EintrĂ„da garn. Noko sterkt, og noko sĂ„ mjukt at eg kunne skrĂžte pĂ„ meg kashmirgeiter…

Meld deg pÄ kurs via Deltager.no, sÞk pÄ Ullveka 2020, og finn kursa der. Kanskje er det noko anna spennande andre stadar som og fristar og? Uansett vert me veldig glade om du kjem pÄ kurs og er saman med oss i Gripen. https://www.deltager.no/participant/search.aspx?s=ullveka%202020

Flokkleiar Lilly Ăžnsker alle velkomne til kurs i Gripen. “Det er viktig at folk lĂŠrer om ull”, seier ho i ei pressemelding til Gripengard.no. Som talsau for Gripaflokken vil ho gjere det klĂ„rt at det er viktig at sĂ„ mange som muleg tek pĂ„ seg ei oppdragande rolle for Ă„ fĂ„ folk til Ă„ sjĂ„ kor myklje den gamalnorske sauen har Ă„ bidra med, Ho seier vidare at ulla til villsauen lenge har hatt eit ufortent dĂ„rleg rykte. Det er pĂ„ hĂžg tid at ulla frĂ„ den gamalnorske sauen vert teke pĂ„ alvor, seier ho. Det er elles viktig at folk skjĂžnar at ogsĂ„ sĂžyer kan ha horn, og at at i saueflokkar er det alltid ei sĂžye som er sjef. Det er alltid sĂ„ mykje styr og vesen med desse vĂȘrane, avsluttar ho med eit glimt i auga, og humrar litt.