Romjula 2024 og byrjinga av januar 2025 har vore kald og vakker. Den beste vinteren er vinter med snø. Snøen lagar eit fantastisk lys. Me fekk til og med nordlys. Ein ønskedraum av ein vinter for meg, sjølv om ikkje vara så lange. Eg elskar snø. Hundane elskar snø. Sauene likar og snøen mykje betre enn regnet. Særleg når dei får masse deilig høy frå kultureng i Gripen. Livet er strålande godt for alle i Gripen når det er slik. Energinivået stig som om det skulle vore vår! I omlag to veker fekk me ha det slik. Så var det attende til regn og vind. Vinter med regn er det me er vane med, ein grå vinter med mykje gjørme. Men Å! kor eg naut vinter med snø medan det vara, og eg skal leve lenge på det!















Dei neste månadane vert det fleire kurs her i Gripen.
Først vert det kurs i lefsebaking, med hovudvekt på bruk av potet. De kan og få prøve bake på vedfyrt takke.

DOGMESTRIKK! Eller direktestrikking. Her får du lære å strikke direkte av rå ull. Kun enkel tilverking av ulla før strikking. Same teknikk kan brukast til hekling. Ulltilverking for den late!
På oppfordring planlegg eg kurs i reparasjon og vedlikehald av gamle kitta vindauge.
Så vert det kurs i å lage såper. Her vert Ida Camilla Bjørge instruktør. https://www.instagram.com/blomeogbrake/
Eg prøver og å få til eit kurs i korgfletting no i vår
I juni planlegg eg kurset, Ull, – frå sau til nøste. Kurset går over ei helg. Dag ein nappar me sauer, ser på ulla, vurderar kvalitet og sorterar.Me finn og vel ut den ulla kan me bruke til å lage garn. Førebuing til spinning; finsortering på farge, plukking av rusk, eventuelt vasking, karding. Dag to kardar me vidare og startar spinning. Det vert karding og spinning heile dagen.

Alle dagskurs har matservering, i tillegg til kaffe/te og lett kaffimat.
Er du interessert i eitt eller fleire kurs, send meg ein epost og meld di interesse. post@gripengard.no Merk med kurs i emnefeltet.








