Skip to main content
HendingUkategorisert

Gripen gard & tidsreiser får miljøpris!

Vestland fylkeskommune

Sropstdnoe:891jl a10 6h22ilu041f078210ml5g8 f3t.132n27fka71.  · 

Klima- og miljøprisen 2025 går til Gripen gard – Rurale tidsreiser og Hagebonden! 🏆🥕🐑

I år heidrar Vestland fylkeskommune to inspirerande føregangspersonar innan berekraftig matproduksjon: Helene Olli Sollid på Gripen Gard og Jana Sandvik Brinch, også kjend som Hagebonden.

🐑På Frekhaug, like utanfor Bergen, har Helene bygd opp att eit gamalt gardsbruk, basert på gjenbruk. Ho deler erfaringane gjennom kurs og enkle overnattingar, og minner oss på at «bakover er det nye framover». Drivkrafta hennar er ein djuptgåande kjærleik til skogen, jorda og dyra – spesielt den gamalnorske sauen.

🥕Sentralt i Bergen dyrkar Jana alt frå kvitlauk til sukkerbetar i eigen hage og på garasjetaket. Gjennom bloggen sin deler ho verdifull kunnskap om korleis ein kan bli meir sjølvforsynt, også i bymiljø. Drivkrafta kjem frå mormora hennar, som overlevde krig og matmangel i Russland, og som lærte henne at den som kan dyrke sin eigen mat, aldri svelt.

Juryen understrekar at sjølvforsyning og matproduksjon er avgjerande viktig for Vestland fylke i dagens verdssituasjon, og løftar fram den store verdien i arbeidet desse to kandidatane gjer.

Gratulerer til Helene og Jana – to ekte inspirasjonskjelder som viser korleis berekraft handlar om handling, kreativitet og engasjement! 🌱

Helene Sollid

Helene Sollid

Gardbrukar og altmuligoter

Skriv en kommentar


The reCAPTCHA verification period has expired. Please reload the page.