Skip to main content

Endeleg er gjestane attende!

Av UkategorisertIngen kommentar

Det er godt når ting kjem i gjenge att etter alle koronarestriksjonane. Eg hat tent meir dei to siste månadane enn dei to siste åra. Og gjestane er overstrøymande glade og nøgde. Det er eg og, endeleg aktivitet med folk og besøk! Her er eit lite døme på kva ein gjest laga etter å ha vitja Skrivestova.

Bortom allfarveg Vestlandet

Av UkategorisertIngen kommentar

Me har hatt besøk av eventyrer og reiselivspåverkar Gunnar Garfors! Gripen gard og rurale tidsreiser er presentert i hans nyeste bok «Bortom allfarveg Vestlandet.» Det er stas. Støtt Vestlandet og Gripen gard med å kjøpe boka. La dykk inspirere til å reise på Vestlandet. Ekstra stas: boka er skrive på nynorsk.

 

 

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Gunnar Garfors (@garfors)

Flyfoto frå Gripen, bruk 35/2, frå 1966 til 2018. Ei tidsreise.

Av GardenIngen kommentar

Hardt arbeid gir synlege resultat. Også sett frå lufta.

1966. Vakkert kulturlandskap i Gripen.
2000. Løa står framleis og ny silo er bygd, truleg på 70-talet.
2006. Huset har fått nytt tak, skifertaket er bytta ut med plater. Løa har ramle ned.
2011. Her har det skjedd mykje gjengroing. Svært mykje ugras, særleg lyssiv på innmark og beiter
2013. ( Eg kom i Gripen i 2012.) Her er gjengroingsprosessen stoppa, og reversering har byrja. Løemurane er rydda for råte treverk
2015. No byrjar det å visast at nokon har teke over, og jobbar med saka! Løemurane er delvis teke ned og bygd oppatt, slik at det er muleg å byggje ny løe på dei.
2018. Den positive utviklinga fortset. gler meg til neste flyfoto, då står den nye løa der. Sidan 2015 har eg bygd to utleigehytter og traktorgarasje, og bygd veg fram til hyttene. Sidan dette bildet vart teke har eg restaurert ferdig smia og eldhuset, bygd nytthønsehus, og no er ny grindløe snart ferdig på dei gamle murane.

Det er hardt å vere sterk og tøff!

Av SauenIngen kommentar

Gripavêren Marris kom heim på sundag. Gripavêren Gabriel, som eg brukar til mine søyer i år, kunne ikkje la det skje utan at han sa frå om kven som er sjefen. Sidan Marris og insisterte på å vere sjef, gjekk det som det av til gjer, det vert slåsting. Når gutane kjem heim etter å ha vore uleigd, vert det ofte litt småknuffing, men denne gonge braka dei skikkeleg saman. Først på kvar si side av gjerdet, så dei traspa det på fleire plassar. Det var ikkje anna å gjere enn å sleppe dei saman så dei kunne få fastsett rangordninga. Dei heldt på lenge, men til slutt var det Marris som kasta inn handlleet. Så då er det Gabriel Sjurson, som berre er ein risbit, som rular i Gripen. Men det alle veit, når me oppsummerar, er at det er Mamsen, altså meg, som er sjefen over alle sjefar. Og eg treng slett ikkje å vise krefter for å vere sjef. Kan det vere naturleg autoritet? Eller rett og slett kjærleik og respekt? Mest sannsynleg ei god blanding.

Det ser og høyrset fælt ut når dei brakar saman. Her byrjar dei å vere slitne. Det tek på å kjempe slik. No er dei uansett vener att, og Gabriel er attende til haremet sitt. Dei på si side, virkar ikkje imponert.

Om de lurar på om det ikkje er farleg å gå inn til dei? Det kan det vere, men ikkje med desse to. Dessutan er dei berre opptekne av kvarandre. Det er ikkje lett å få kontakt med dei. Eg prøvde å avleie dei med litt mat, men dei hadde for mykje uoppgjort, visstnok. Det har hendt at verar som har vore underlegne har kome springande til meg for å gøyme seg bak meg. “Mamsen , mamsen, hjelp meg! Billy er slem og vil ta meg!” Då vert det berre slutt på kampen, det er det ultimate teikn på å vere svekling og mammadalt, og slike gidd ingen tøffingar å slåst med. Det vert ikkje noko skikkeleg slåsskamp om dei ikkje er omlag jamnbyrdige. No har i alle fall desse to slåste frå seg, og mamsen har reinsa sår, plastra og trøysta. Og mykje mat, så dei kan ta seg fort inn.

Sjefen og nestsjefen, medan damene gir blaffen.