Skip to main content

Sjå kven som kom!

Av UkategorisertIngen kommentar

Fredag 11. desember kom endeleg kalven me har venta slik på! Fiona er ei slik flink og god mor. Passar så godt på og har så gode morsinstinkt. Det er så godt når det går bra. Kalven, som er ei lita kvige, er så spros og sprek. Ho har byrja å hoppe og danse, og oppfører seg slik som kalvar skal. Ho er eit kvitt lite vidunder, berre bittelitt svart på snute, kring augo og litt på øyro, og svarte framklauvar. Ho vart fødd på den finaste dagen i vinter, med sol og frost. Difor vert ho heitande Rimros. Så fekk dei tre dagar utan jobbing i løa, men på måndag var me i gang igjen. Og kyrne tek det heilt chill. Ikkje noko stress, sjølv om me bankar og sagar, og skrur og kastar rundt på ting. No får eg att for investert tid saman med kyrne mine. Dei har full tillit til meg, og eg kan enkelt gjere alt eg må, også inne i boksen med Fiona og kalven. Og myyyyyyttji kos og kos og kos.

Rimros og mor Fiona.

No er det sikkert mange som lurar…skal denne kalven få gå med mor. Ja det får han. Og så skal eg mjølke i tillegg. Me skal rett og slett dele. Og Fiona synest det er greit, eg får lov, seier ho, sidan det er meg. 😉 Og om ei stund vert det kokt brunost i Gripen. Men løa må berre verte meir ferdig først.

Sjå på den fine flokken min!

Av Ukategorisert2 kommentar

Sauene mine er presentert på sidene til Matbyen Bergen, både med tekst, foto og ein fin film. Eg frydar meg over dette. (minus å høyre og sjå seg sjølv, det er berre så innmari kleint) Klikk på linkane under bildet.

https://www.facebook.com/visitbergenofficial/videos/300216554577194

https://www.visitbergen.com/spisesteder/matbyen-bergen/villsau-en-lokal-delikatesse-pa-vestlandet?fbclid=IwAR1wYaeC8u8qeOyUoNzEiUIlXBao3o8cSDXWmTUC_An_Tajq-NNrmNBJTXc

Silvio og Silvana.

Av SauenIngen kommentar
Silvana Sølvidotter (t v) og Silvio Sølvison. Kåra til det søtaste tvillingparet i Gripen i 2020.

Eg vil helst ikkje ha tvillingar, og eg prøvar å regulere med fôring. Dette året fekk eg det til, og har fått berre tre tvillingpar. Sølvi, Lilly Gullsdotter og Nadja Sølvidotter var dei tre som fekk tvillingar. Kvifor vil eg ikkje ha tvillingar? Fleire grunnar. Lamma vert ofte større når dei er enklingar. Det er lettare for mora å forsvare lamma mot rovdyr og rovfuglar når ho har berre eitt. Og neste år har eg tenkt å byrje å mjølke nokre av sauene. Har dei tvillingar, er det ikkje nok mjølk til at eg kan gjere det. Dette er alle svært gode grunnar til å helst ikkje ville ha tvillingar. Det tyder ikkje at eg er glad for kvart einaste lam som kjem. Desse to er i alle fall grusomt søte. Og dei vil vere saman, slik tvillingar vil. <3

Grunnarbeid, utfordringar, problem og løysingar.

Av Garden, HendingIngen kommentar

Det er mange utfordringar i eit slit stor prosjekt, der me gjer det meste på gamaldags vis (minus litt el-verkty) . Frunnarbeid er det vanskelegaste synnest eg, for eg har ikkje gjort så mykje av det tidlegare. Men eg har kome til at eg vil grave ei grøft på innsida av veggane, fylle med singel og leggje ned dreneringsrøyr. I staden for pumpestasjon, legg eg alt med helling, slik at vatn renn ut, på naturleg vis. I dei to romma i kjellaren skal eg ha støypt golv med helling, der vatn og land vert drenert ut. Eg skal ha kyr her, så det vert 30 cm med flis-talle på betongen. Der kan kyra gå fritt ikring og liggje der dei vil, og gå ut og inn når dei vil. Og vere saman med kalvane sine når dei kjem i månadsskiftet november -desember.

Ull frå elska sauer

Av Sauen, Ull og sliktIngen kommentar

Garn på individnivå. Eit ekte Gripenprodukt frå først til sist. Først har eg ala opp sauen, stelt med han , medisinert og passa på, så har eg temt og vorte ven med sauen, og vorte veldig glad i han, slik eg ikkje klarar å la vere å verte, så klart. Så har eg nappa sauen og lagt ulla i sekk med namnet til sauen på, og dato for napping. Så har eg handkarda ulla, og så spunne ulla på ein av dei fine rokkane mine. Heile vegen har sauen vore med. Eg tenkjer ofte på sauen medan eg held på, eg vert kjend med ulla til akkurat denne sauen. Merkelapp med namn og årstal følgjer med heile vegen. På lappen på sekken, kan det td stå. Inka, 2020. Lett å nappe. Nyter det. Alle sauene har sin plass i ull-kartoteket mitt. Ei lita hespe med garnprøve og ein dott med representativ ull. På merkelappen står det opplysningar om tidspunkt for napping, kor lett det var, eller om det var nødvendig å klippe litt (eg luggar dei aldri, det er vondt for dei. Sit det godt, vert det klipping, eller så ventar eg nokre veker til). Så skriv eg om sauen likar det, eller kanskje er kilen, om ulla var skiten, om det td var tova i nakken, om det var dyrehår, stor forskjell på tog og tel, mm. Av og til kan det stå slikt som: Lucie ville ikkje vere ferdig, og lura seg inn i køa for ein ny omgang. Eller: dette var ei skikkeleg kosestund. Eller: Iris likar det ikkje, ho er så kilen. Då gjeld det å gjere det så fort og forsiktig som muleg, og ikkje vere så nøye, resten ramlar av til slutt uansett. Min ven Didrik likar verkeleg ikkje å verte nappa, så då ventar eg så lenge som muleg, slik at det sit veldig laust. Det virkar som han synest det er lite ærerikt å verte nappa, så me treng ikkje å ha publikum, tenkjer eg. Så gøymer me oss ein stad, han og eg, og får det gjort. Å hildrande du, kor eg elskar desse sauene mine!

Didrik og bonden
Didrik, min trufaste ven og gode hjelpar.

Det skjer! Komande kurs i Gripen hausten 2020.

Av Kalender, Kurs, Kurs og workshop, Sauen, Ull og sliktIngen kommentar

På grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til å vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesøkfronten. MEN, me står no på likevel, med noko færre deltakarar enn vanleg. Noko som faktisk kan auke utbytet av kursa for den einskilde deltakar, som kan få endå meir hjelp av oss som held kurset.

Det første kurset er plantefarging med den fantastisk flinke Sascha Camilla Gade frå Vaid plantefargeri. Tenk at ho faktsik skal halde kurs i Gripen, og har lyst til akkurat det! Ein typisk vinnvinnsituasjon. 🙂 Det vert to kurs med Sascha, eit 12. september, og eit i Ullveka, den 25. oktober. For kurset i Ullveka, sjå link lengre ned. For påmelding til kurset 12. september, meld deg på her: https://vaid-no.myshopify.com/collections/nyheter/products/kopi-av-1-dags-plantefargingskurs-15-august-1

Nydelege fargar, både naturfargar, og slike som sparkar ( alle er basert på plantefarging)

Så vert det tre spinnekurs i Ullveka. Vigdis Valde er hovudkurshaldar og spinneproff, eg er hjelpar, reparatør og tilretteleggjar. (spinoff assistent) To av kursa har fokus på rokken som helst skal vere din ven for livet. I eit av kursa får rokken mykje merksemd. Har du ein rokk du er usikker på om virkar som han skal , har du kanskje ikkje prøvd han, eller ikkje fått til noko godt kompaniskap med han, kan du og rokken kome hit, og så finn me ut kva som er gale. Det kan både vere teknikken, eller rokken, – eller begge deler. Ikkje fortvil, me hjelper deg. Og er rokken ikkje i stand til å gi deg det du treng, har me rokkar her du kan sjå om du likar betre. Det andre kurset er det meir fokus på teknikk, men ein rokk som fungerar frå starten.

Denne nydelege rokken er frå Telemark, og har karveskurd og årstal og initialar. Men for ein mitete skranglerokk! Eg tenkte kanskje har var heilt utanføre redning, men med liming, nye delar, pussing, tuning og smøring, malar både han og eg. Vener! Pass forresten på å ikkje bruke noko anna enn den finaste olje til rokken din, som den beste symaskinolje. Før brukte dei hønsefeitt, så om ikkje lenge så kjem eg nok til å koke ei høne…eller meir truleg ein ufordrageleg hane.
To hesper med garn spunne med Sara SuperullSaraull. Ei hespe med dekkhår, og ei nestan utan. Så ubegripeleg mjukt. Gamle søya mi. <3

I det tredje spinnekurset ser me nærmare på det eintråda garnet. Den einsame tråden. Den eine tråden som åleine må ha alt eit garn treng for å vere brukande. Han må vere sterk nok gjennom heile nøstet, elles vert det hol i strikkinga. Dette skal me studere og spekulere kring. Det kjem til å verte skikkeleg fint, trur eg. Eg får nesten lyst til å skrive eit dikt til den eineståande tråden. Kanskje me kan gjere det saman på kurset.

Eintråda garn. Noko sterkt, og noko så mjukt at eg kunne skrøte på meg kashmirgeiter…

Meld deg på kurs via Deltager.no, søk på Ullveka 2020, og finn kursa der. Kanskje er det noko anna spennande andre stadar som og fristar og? Uansett vert me veldig glade om du kjem på kurs og er saman med oss i Gripen. https://www.deltager.no/participant/search.aspx?s=ullveka%202020

Flokkleiar Lilly ønsker alle velkomne til kurs i Gripen. “Det er viktig at folk lærer om ull”, seier ho i ei pressemelding til Gripengard.no. Som talsau for Gripaflokken vil ho gjere det klårt at det er viktig at så mange som muleg tek på seg ei oppdragande rolle for å få folk til å sjå kor myklje den gamalnorske sauen har å bidra med, Ho seier vidare at ulla til villsauen lenge har hatt eit ufortent dårleg rykte. Det er på høg tid at ulla frå den gamalnorske sauen vert teke på alvor, seier ho. Det er elles viktig at folk skjønar at også søyer kan ha horn, og at at i saueflokkar er det alltid ei søye som er sjef. Det er alltid så mykje styr og vesen med desse vêrane, avsluttar ho med eit glimt i auga, og humrar litt.

Løa reiser seg!

Av UkategorisertIngen kommentar

Etter at gutta, Bart og Ben, har vore i nord nokre veker, er dei attende i Gripen, og løa fortset å reise seg. No er det sperr som kjem opp. Undertida vert det saga material. Det er ekstra tilfredstillande når materiala kjem frå eigen skog, sage her i Gripen. Kjell Hølleland lagar fine beine fjøler på den mobile saga si.

Reparasjon av gammel gråtevakker skranglerokk.

Av Ull og slikt, Verkstaden2 kommentar

Når ein kjøpe rokk usett, fordi ein har vorte forført av kor vakker han er, då kan det føre til litt trøbbel… Denne rokken er gråtevakker, men såpass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg må no prøve i alle fall.

Det er ein snelle med, og ingen av snellene eg har frå før, passar. Stålet i flygaren er for tjukt. Alt sto i sju steinar, men etter rens og oljing, og nokre tilpassingar, snurrar snella fint.
Trist at miten har fått boltre seg litt for mykje. Men sjå på den nydelege karveskurden! Lurar på kva namna bak initialane er…

Når eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer på dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som åtte denne skatten. På den første eigaren som sikkert fekk denne rokken i gåve frå ein kjær person, kanskje ein kjærast. Ei trulovingsgåve, kanskje? Eg tenkjer på gleda som måtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett å bruke, og fin tråd kunne spinnast på han.

Det er mykje som er annleis med denne rokken. Td så sprikar han mykje meir enn vanleg med føtene. Så er det innfestinga til fotpedalen som er sat i rokken på ei side, og fast i rokken på andre sida. Vanlegvis er stålet festa i begge endane av pedalkvilaren, så no får me prøve noko anna. Det viktige er at det glir godt i begge endar, så det må eg jo fikse på eit vis.

Som de ser er det mykje hol etter mit, og då kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg må jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje får me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne tråd.

Sommarskule i Gripen!

Av Gardbesøk og events, Gardsbesøk, Hending, KalenderIngen kommentar

Kvart år arrangerar Meland frivillighetssentral sommarskule for ungar som har sommarferie. I dag var det tredje gongen dei besøkte oss i Gripen. 4 damer frå husflidslaget var med, og dei hadde spinneutstyr, ull, garn til band og fletting med seg. Dei baka og stompekake, som er forunderleg gode. Minigrisen Nelly elskar stompekake og gjer alle dei triksa ho kan for å få smake. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad var også med heile dagen, og det er det klart me er stolte og glade for.

Ordførar Sara bakar stompekaker.
Nelly, den gigantiske minigrisen elsker sommarskule. Det vert alltid mykje godsaker. Sjølv om ho er ganske sur, så likar ho ungane, i alle fall mykje betre enn vaksne. Men aller mest elskar Nelly Mamsen (WCM Helene Olli). Og så stompekake då.
Slik gjer me det i Gripen. Vedfyrt steiketakke. Stopmekakene vert ekstra gode på dette viset.

I tillegg til aktivitetane til husflidslaget, fekk ungane mellom anna vere med på greier som å kappkøyre med mjølkekjerre, lage barkebåtar, klatre i “Nordhordlands største rododendron”, gi flaske til kopplammet, lage paddeterrarium, ro på Storavatnet, plukke vassliljer, kose med hundane og snakke med Nelly og sauene og sjå på alt me har her i Gripen. Vêret heldt seg bra heile tida, sjølv om regnet sto klart frå morgonen. Det er kjekt å sjå små henderi aktivitet med gamalt handverk. Nokon av dei klarte å lage tråd både på handtein og på rokken.

Takk alle som var med, for ein strålande dag.