Dei som bur i Gripen akkurat no, i tillegg til Kristine og Helene, er desse fantastiske folka:
Joosje Parree, som er utdanna agronom frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho jobber 50% hjå Svein Boasson Landskap, og resten her i Gripen. Ho hjelper til der det trengs og har sine eigne prosjekt, td kjøkenhagen og soppdyrking. Joosje er Petra (ungarsk pumi) sin beste ven, og ho har no vorte ein slank og sprek hund, takka vere Joosje sine lange turar med Petra. Joosje er vorte lommekjend i området!
Josefine Dichmann frå Danmark, også utdanna agronom frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har tidlegare gått på Fosen folkehøgskule (slik som Bonderøven også gjorde), og kan så mykje. Så er ho ein fabelaktig spelemann! Når me sit og spelar kring bålet om kveldane, då er det ikkje berre gitar, men fløyter, fioliner og til og med cello! Slik lever me altså her.
Me er faktisk så heldige at me har ein wwoofar i år, som er sjeldan vare pga korona; men me har Ostebi frå Baskerland. Han kan litt av kvart, og er eit fantastsik tilskot til alle hønene i kurven.