Sauer og ull

No har me ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau, også kalla villsau. Drifta handlar mykje om sauene, som å ordne beite og vinterfôr til dei. Dei må og ha ein vêr i desember, og ekstra godt stell i lamminga i april (+-). I mai byrjar ull-sesongen.

Då vert kvar einskild sau kalla inn for å verte nappa, eller roa, som eg kallar det. I Gripen har me kring 20 avlsvêrar og mange ulike linjer. Nokre brukar eg til eigne søyer, dei andre vert leigd ut til andre villsaubønder. Nokre vert selde og, men eg elskar dei så fælt at eg vil helst ha dei heimatt.  Me ser jo sauene kvar dag, og me følgjer med om ulla byrjar å sleppe. Vêrane er alltid først, dei byrjar å sleppe ulla i byrjinga av mai, nokre alt i april. Det er bra at vêrane slepp ulla lett, det er ein svært viktig eigenskap.

Elles nappar me sauene etter kvart som dei vert «mogne». Dei aller fleste sauene likar dette veldig godt, og det vert ei kosestund med sauen. Me nappar det som er lett å nappe, for å verte lugga er ikkje kjekt. Sit ulla godt får dei heller ny time seinare, så fortset me då. Byrjar me å nærme oss juli, tek me nokre gonger fram saksa, så alle får verte kvitt ulla til 1.juli. – Dei aller fleste sauene i Gripen, slepper ulla godt og ganske tidleg, så det er ikkje så mykje me brukar saksa. Kvar sau har sin sekk med ull. Sekken vert merkt med namnet på sauen, dato for napping, om ulla kom lett laus, og om me måtte bruka saksa litt.

Så noterer me om det er mykje eller lite lanolin (ullfett), korleis botnulla (tel) er, om det er mykje eller lite dekkhår (tog, dei lengre, striare og glattare håra, som er regnjakka til sauene), og korleis det er med dyrehår (daude hår, liknar på hjorte- eller reinshår) og vegetabilar (rusk og rask frå beitet). Seinare lagar me spinneprøvar for å vurdere ullkvaliteten endå meir; er ulla lett å karde, er ho tova, kort eller lang, er det lett å spinne. Så vasker me halvparten av spinneprøven, for å samanlikna uvaska og vaska garn. Så deler me prøvane i to ein gong til, Slik at halvparten går i ullkartoteket, og halvparten vert festa på sekken, alt på individnivå. Slik kan me observere ullkvaliteten gjennom avlen og livet til sauen. Nokre sauer har ull som høver best til sokkar og vottar, medan andre har mjuk og fin ull som det går an å lage kroppsnære plagg av. Vêrane har ofte den mjukaste ulla, spesielt under ragget.

Du finn til dømes omtale av oss i Ullruta.