Dyra

 

Sauene, alle  +- 60, har sjølvsagt alle namn og dei som er fødde i Gripen har etternamn og etter Islandsk modell(td Orm Blæstson, som er ein oppcoming star i avlsvêrstallen).  Her er sauene representert av Blanca, som er ein av dei sauene det heile starta med.  Ho er no 8 år, og er ein pratsom sau. Me har ofte lange dialogar, og det er spesielt for Blanca. Alle sauene har sine greier, sin personlegdom, og eg kjenner dei. Lamma får namn når dei vert fødde, og så vert me kjende med dei utover sommaren og hausten. Alle får namn, uansett.  Pga at særelg eg (Helene), har eit svært nært forhold til sauene, vert det mange tårar når det er tid for det siste farvel.

Så får eg vel nemne vêrane mine spesielt. Eg har ein stall på +- 10 avlsverar som eg leiger ut til paring, og av og til sel. Desse karane er så gode og elskelege at det er ei fryd. Meir letthandterlege avlsverar trur eg knapt finst. (Kjem du berre med han slik? er eit vanleg spørsmål ) Så har eg min gode ven Didrik som eg har brukt til halve flokken i 4 år, som no er 9 år og pensjonist. Han er no i kategorien “kastrert kamerat”. Han får vere her og verte gamal saman med meg, rett og slett, eg orkar ikkje å skiljast frå han før naturen grip inn. Eg har og nokre andre i denne kategorien, kopplammet Koriander, som er blandingsrase og i utgangspunktet heilt ubrukeleg, men som er verd si vekt i edelt metall. Han er 5 år no, og min beste sosialarbeidar, og dei som kjem på besøk, vert ofte teke imot av nettopp denne karen. Så har me minien Tobben, som berre ikkje vert stor. Så har me no ein grunn til å behalde han og. Så har me nokre kameratar som får vere med ei stund, og ha nokre fine sommarar i livet, før dei vert til verdas beste mat.  (trist, men godt likevel)

Me har ein gjeng med høner og, og nokre hanar til å passe på. Hønene gir oss det me treng av egg, og det er gode egg som vert produsert i Gripen. Så er det veldig koseleg å ha høns i tunet. Om natta likar dei å vagle seg høgt oppe i den store rododendronen.

Nokre av dyra på garden gjer forholdsvis mykje av seg.  Nummer ein her vår ungarske pumi Petra! Ho er veldig glad, og det er mykje  av ho, i form av energi og rørsle. Heldigvis har ho Joosje. Dachsane vilma og Pippa går det heller ikkje an å ikkje sjå eller særleg høyre. Kjem du til gards, vert det mykje gladbjeffing! Vilma er 13 og døv og blind, men når folk ho er glad i kjem på besøk, tek ho dei på lukta, og gret av glede. Når venen Iaen ( skotte, gift med Astrid, veninna til Helene) kjem på besøk er det rett og slett sjåverdig. Då snakkar me glad hund!(Bilde av vilma og pippa.)Kattane Sissi og Tennis, gjer ikkje så mykje av seg, men dei er flinke til det dei skal, fange mus og rotter, og kose med mamsen (Helene). Tennis er også veldig  glad i Petra, så han gnukker og gnir på ho.

Sist men ikkje minst; Nelly, den gigantiske minigrisen. Ho likar å vere med der det skjer, særleg om det er mat involvert. Yndlingsretten er vaflar. Og ho veit kor vaffeljernet er.