Folka

Me som bur og jobbar i Gripen på fast basis er desse to; Helene Olli Woodcreaturemama Sollid og Kristine Snusmumriken Takvam

Helene Olli er arkitekten som kjeda seg, og som berre slutta med det, og byrja å drive gard i staden.

Kristine er eventyraren som tok jordbruksutdanning, og slo seg til i Gripen saman med Helene Olli. Me brukar å kalle oss kompanjongar. Me driv me litt kvar for oss, og mykje saman. Gripen vert ikkje det same utan ein av oss.

WWOOF

Gripen er vertsgard for WWOOF og har mange frivillige på garden for læring, kulturutveksling og samarbeid. Det er eit fantastisk tilskot til den store, rare Gripenfamilien. Min filosofi er å gi dei som kjem her som frivillige, og som hjelper til for å gjere Gripen til den fabelaktige staden det er, ein bit av det heile. Kjem du i gripen og bidreg til felleskapen, vert Gripen litt ditt. Ikkje som ein pengeverdi, men som medlem av Gripenfamilien og fellesskapen vår. For mange er Gripen gard deiras andre heim. Mange kjem att år etter år, og me får bygd eit eineståande nettverk av vener og familiemedlemmar kring heile verda. Nokre gonger skjer det med Airbnb-gjester og.

Praksis

Så har me folk som kjem hit fordi dei treng praksis, fordi dei har høyrd om oss, eller kjenner nokon som har vore her, har lese om oss eller noko slikt, og så spør dei om dei kan kome og vere med oss i dagleglivet på garden. Så har me sjølvsagt Edvard, (Helene sin far) og Astrid (Helene si mor) som kjem her for nokre veker kvart år.

Vener

Så har me ein stor skare med uvurderlege vener som kjem i Gripen og bidreg til jobb og/eller fest og moro. Og så har me noko i Gripen som er meir verdt enn det aller meste: gode naboar! Den vesle grenda vår; Gripen, og heile Myrtveitbygda er berre den beste plasseringa denne garden kunne hatt. Og dette veit me å vere takksame og glade for!

Kristine og Helene

Torstein, Edvard, Suze og Melle (og Vilma)

Gripenfamilien

Dei som bur i Gripen akkurat no, i tillegg til Kristine og Helene, er desse fantastiske folka:

Joosje Parree, som er utdanna agronom frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho jobber 50% hjå Svein Boasson Landskap, og resten her i Gripen. Ho hjelper til der det trengs og har sine eigne prosjekt, td kjøkenhagen og soppdyrking. Joosje er Petra (ungarsk pumi) sin beste ven, og ho har no vorte ein slank og sprek hund, takka vere Joosje sine lange turar med Petra. Joosje er vorte lommekjend i området!

Josefine Dichmann frå Danmark, også utdanna agronom frå Sogn jord- og hagebruksskule.  Ho har tidlegare gått på Fosen folkehøgskule (slik som Bonderøven også gjorde), og kan så mykje. Så er ho ein fabelaktig spelemann! Når me sit og spelar kring bålet om kveldane, då er det ikkje berre gitar, men fløyter, fioliner og til og med cello! Slik lever me altså her.

Me er faktisk så heldige at me har ein wwoofar i år, som er sjeldan vare pga korona; men me har Ostebi frå Baskerland. Han kan litt av kvart, og er eit fantastsik tilskot til alle hønene i kurven.