Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet. No har me ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau. Difor handlar mykje av arbeidet om sauene, og ordne beite og vinterfôr til dei. Dei må og ha ein vêr i desember, og ekstra godt stell i lamminga i april (+-). I mai byrjar ull-sesongen. Så er det slåtten utpå sommaren med hesjing og pausar med dukkert i Storavatnet. Så veks lamma seg store, me slit med å lære oss namna deiras, og verte kjend med dei. Så er det nokre triste farvel, og alt kjøt kjem i retur for direktesal frå garden. Nokre vert til pinnekjøt og fenalår, som må bestillast i god tid, det vert fort oppbestilt. Nokre bestiller alt 1. juledag. Når dei siste er sende til slakt, trøystar me oss med dei som er att, og gler oss over at det er lenge til neste gong, og gjer alt me kan for at dei skal ha fantastsike saueliv heilt til siste farvel.
Gardsdrifta er det viktigaste i Gripen. Me driv med gamalnorsk sau og grønsaker. Men det er ein liten og eksklusiv produksjon, så for å få inn nok pengar til å kunne drive med matproduksjon og gardsdrift, må me vere moderne fiskarbønder, som må få pengar inn på alt muleg i tillegg. Øko-turisme, gardsbesøk, kurs, events, sommarskule, guida soppturar og alt muleg rart. Helene har faktisk og laga aktivitetestilbod for personar med demens. I tilfelle ein eller anna kommune eller noko i vår nærleik får lyst på eit slikt tilbod.
Gripen er vertsgard for Airbnb og WWOOF.