Gripenfamilien

Helene Olli er arkitekten som kjeda seg, og som berre slutta med det, og byrja å drive gard i staden. Det vil seie, først så starta eg mi eiga bedrift, Altmuligoteren, som eg framleis har, som ei undereining av Gripen gard & rurale tidsreiser. Det var i 2011.  Altmuligoteren, altså eg, tek imot vindauge, møblar og slikt til reparasjon eller redesign. Men berre om eg kan gjere det heime i verkstaden. Eller i ein av dei tre verkstadane eg har på garden. Arbeidsdagen min er her heime på garden, det er veldig viktig for meg.

Kristine er eventyraren som tok jordbruksutdanning, og slo seg til i Gripen saman med Helene Olli. Kristine budde her i fleire år, og me styrte på med prosjekt. Kristine starta Gripen Grønt, som var ein flott marknadshage. No når Kristine har kjøpt sine eigen gard, ligg marknadshagen og ventar på at nokon skal vekke han til liv igjen.  Kristine er langt ifrå ute av soga, me har framleis mykje trivsel og felles arrangement, som den årvisse julemarknaden i Gripaløa. Kristine er ein tusenkunsnar og ho er etterkvart spesialist i fleire raudlista handverk.

WWOOF

Gripen er vertsgard for WWOOF og har mange frivillige på garden for læring, kulturutveksling og samarbeid. Det er eit fantastisk tilskot til den store, rare Gripenfamilien. Min filosofi er å gi dei som kjem her som frivillige, og som hjelper til for å gjere Gripen til den fabelaktige staden det er, ein bit av det heile. Kjem du i gripen og bidreg til felleskapen, vert Gripen litt ditt. Ikkje som ein pengeverdi, men som medlem av Gripenfamilien og fellesskapen vår. For mange er Gripen gard deiras andre heim. Mange kjem att år etter år, og me får bygd eit eineståande nettverk av vener og familiemedlemmar kring heile verda. Nokre gonger skjer det med Airbnb-gjester og.

Praksis

Så har me folk som kjem hit fordi dei treng praksis, fordi dei har høyrd om oss, eller kjenner nokon som har vore her, har lese om oss eller noko slikt, og så spør dei om dei kan kome og vere med oss i dagleglivet på garden. Så har me sjølvsagt Edvard, (Helene sin far) og Astrid (Helene si mor) som kjem her for nokre veker kvart år.

Vener

Så har me ein stor skare med uvurderlege vener som kjem i Gripen og bidreg til jobb og/eller fest og moro. Og så har me noko i Gripen som er meir verdt enn det aller meste: gode naboar! Den vesle grenda vår; Gripen, og heile Myrtveitbygda er berre den beste plasseringa denne garden kunne hatt. Og dette veit me å vere takksame og glade for!

Kristine og Helene

Torstein, Edvard, Suze og Melle (og Vilma)