Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet. No har me ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau. Difor handlar mykje av arbeidet om sauene, og ordne beite og vinterfôr til dei. Dei må og ha ein vêr i desember, og ekstra godt stell i lamminga i april (+-). 

Gripen Gard

I mai byrjar ull-sesongen. Då å vert kvar einskild sau kalla inn for å verte nappa, eller roa, som eg kallar det. I Gripen har me ei stor samling avlsvêrar og mange ulike linjer. Nokre brukar me sjølve, dei andre vert leigd ut til andre villsaubønder. Nokre vert seld og, men me elskar dei så fælt at me vil helst ha dei heimatt.  Me ser jo sauene kvar dag, og me følgjer med om ulla byrjar å sleppe. Vêrane er alltid først, dei byrjar å sleppe ulla i byrjinga av mai. Det er veldig viktig at vêrane slepp ulla lett, det er ein svært viktig eigenskap. Så nappar me sauene etter kvart som dei vert «mogne». Dei aller fleste sauene likar dette veldig godt, og det vert ei kosestund med sauen. Noko er lett å nappe, men om noko sit godt endå, let med dei gå, og kaller dei inn til ein ny «time» om ei eller fleire veker. Byrjar me å nærme oss juli, tek me nokre gonger fram saksa- Dei aller fleste sauene i Gripen, slepper ulla godt og ganske tidleg, så det er ikkje så mykje me brukar saksa. Kvar sau har sin sekk med ull. Sekken vert merkt med namnet på sauen, dato for napping, om ulla kom lett laus, og om me måtte bruka saksa litt. Så noterer me om det er mykje eller lite lanolin (ullfett), korleis botnulla  (tel) er, om det er mykje eller lite dekkhår (tog, dei lengre, striare og glattare håra, som er regnjakka til sauene), og korleis det er med dyrehår (daude hår, liknar på hjorte- eller reinshår) og vegetabilar (rusk og rask frå beitet). Seinare lagar me spinneprøvar for å vurdere ullkvaliteten endå meir; er ulla lett å karde, er ho tova, kort eller lang, er det lett å spinne. Så vasker me halvparten av spinneprøven, for å samanlikna uvaska og vaska garn. Så deler me prøvane i to ein gong til, Slik at halvparten går i ullkartoteket, og halvparten vert festa på sekken, alt på individnivå. Slik kan me observere ullkvaliteten gjennom avlen og livet til sauen. Nokre sauer har ull som høver best til sokkar og vottar, medan andre har mjuk og fin ull som det går an å lage kroppsnære plagg av. Vêrane har oftast den mjukaste ulla i underulla i ragget.

Eg har ein liten hønseflokk, slik at me held oss med egg heile året, og så sel eg det me ikkje treng. Hønene er fullstendig frittgåande og frittalande. Hønene har fleire haner til å passe på seg, og sjefshanen heiter alltid Jussi. Me har late nokre av hønene verte skikkeleg gamle. Sommaren 22 mista eg mi gamle høne Svarta, ho var då 11 år. Ho var drepe av måren, saman med mange av dei andre hønene og hanane, 23 til saman. Ein svart dag! Mi fine Bobbo vart og drepen, ho var 7år. Etter dette måtte er byrje heilt på nytt med høner, dei få som overlevde fekk vere med vidare, og eg har framleis nokre få av dei. No har eg to flokkar i to ulike hønsehus, ein flokk med to hanar, mellom anna sjefshanen Jussi 6. Jussi 4, ein svart stor australorps, var min favoritt, snill og flink, som til slutt ofra seg for hønenesine i eit haukangrep. Den andre flokken har ein hane. Dei er ute saman om dagane og går kvar til sitt hus om kvelden, i alle fall dei som ikkje vil sove i rododendronen. Alle hanane mine er islandshanar, og det er heilt avklart tilhøve mellom dei, og stor plass, så det er ikkje noko slåsting.

Gripens diva var den gigantiske minigrisen Nelly. Nelly vart 10 år og ganske tjukk! Det var nok ein god porsjon hengebuksvin i den grisen. To-tre gonger i året måtte me klippe klauvane hennar. Då måtte me helst vere fire personar. To til å halde ho, ein til halde foten, og ein til å klippe, og det var alltid meg. Ho klaga fælt medan det sto på, og alle måtte ha hørselsvern, men etterpå er ho så glad! Og så visste ho at ha alltid fikk to kjeks-isar når ho var ferdig. Nelly ville gjerne vere med når det var besøk i tunet. Sjølv om ho var både humørsjuk og sur, og eigentleg berre ville ha mamsen (Helene Olli) for seg sjølv, oppførte ho seg alltid eksemplarisk når det var folk her. Ho heldt ut to dagar i strekk med sommarskule, og gjorde triks og hadde det artig. Då var ho blid heile tida. No når ho er borte, er det eit sakn, sjølv om ho kunne vere ei utfordring! Folk spør etter ho framlelis, ho var reine attraksjonen.

I Gripen prøver me å vere så sjølvforsynt som muleg. Me har stor kjøkenhage, me har bêrbuskar og frukt-tre. Me held oss sjølve med kjøt, me fiskar i Storavatnet og i sjøen, og me haustar frå naturen.  Me steller og kultiverer dei ville hasselkjerra, slik at me får betre nøtteavling for kvart år. Me har og bier som me frydar oss over å stelle med.

Det er tre hundar i Gripen. I tillegg til Petra, som ein snart 8 år gamal ungarsk pumi som framleis har frykteleg mykje energi, har me dvergdachsane Lillefix og Maybe Baby. Mine to gamle hundar døydde i fjor vinter, og er sørgjer framleis. Vilma vart 17 år, men var glad heilt til Pippa som berre var 12 døydde av kreft, då ville ikkje Vilma meir heller. Ho heldt ut i to månadar etter at Pippa vart borte. Eg saknar særleg Pippa, eg saknar ho frykteleg. Ho var ved mi side dag og natt, og var min omsorgsperson, ho var alltid derfor meg.

Tre katter har me i Gripen. Dei gjer ein svært viktig jobb. Dei held garden fri for mus og rotter. Dei er svært flinke og effektive jegarar. Sissi er gamal og giktisk, men er framleis ein flink jeger. Så flink at ho faktisk greier å fange jordrotter. Det klarte ikkje skadedyrfirmaet eg hyrte for å verte kvitt jordrottene. Dei klarte ikkje ta ei einaste ei!

I Gripen har me «Verdas minste gardsbutikk» Sjølv om me har utvida eit par gonger.  Det er eit skåp med glasdør som har fått dette fæsjy namnet. Me sel sjølvsagt mykje meir enn me får plass til der. Kva me har i butikken er stort sett avhengig av sesong. Men det er alt frå sesongens grønsaker, hasselnøtter, ull,handspunne garn, skinn, kjøt, pinnekjøt, fenalår, spekepølse, hundegodbitar, lefse, brikkevevde belter, armband osv.