Det vert haldne mange kurs her i Gripen. Me held ulike kurs i er gamalt handverk; ofte kjend som raudlista handverk. Gripen gard er ein stor aktør i Ullveka, der me har mange kurs og andre arrangement kvart år. Døme på kurs er:
- Ullhandtering og sortering
- Karding
- Spinning, både handtein og rokk
- Plantefarging, både finne plantene, forarbeid og farging
- Brikkevev
- Lefsebaking
- Ulike måtar å tove på
- Redesign
- Tørrmuring
- Gjerding
- Grøfting
- Reparasjon av gamle vindauge
- Korgmaking
- Mykje meir
Om du har lyst på eit kurs, kan du sende meg ein epost, og så set eg deg på lista saman med andre som er interessert i same kurset. Er du/de interessert i eit kurs som ikkje er nemnd her, kan du kontakte meg om det, så kan eg sjå om eg kan få det til å skje likevel. Eg kan hyre inn instruktørar om eg ikkje sjølv kan faget. Kurs eg har tenkt å arrangere i fortsetjinga er td korgfletting og kipelaging.







