Dogmestrikk – kva er det eigentleg?
Det har vorte ei viss interesse for dogmestrikk, og eg må innrømme: eg veit ikkje heilt kvifor det heiter det. Eg slo det opp i Nynorskordboka og fann ut at ordet dogme kjem frå gresk dogma, som tyder ‘meining’, og stammar frå dokein – ‘å meine’. Eit døme på bruk er ei kyrkjeleg læresetning, eller ei oppfatning ein går ut frå er sann – utan prov eller grunngjeving. Som i: politiske dogme.
Greier ikkje heilt å sjå korleis det heng saman med strikking – men uansett:
Når du dogmestrikkar, så strikkar du direkte frå rå ull. Ho er verken karda eller spunne først.
Mine erfaringar med dogmestrikk
Eg har prøvd meg litt fram, og det som overraskar meg mest, er kor mjukt resultatet blir. Det blir gjerne litt klumpete og boblete – men også artig og interessant.
Korleis det blir, kjem sjølvsagt an på kva slags ull du brukar. Jo meir tova og ujamn ulla er, jo meir boblete blir strukturen. Det er ein fordel om det framleis er ein del lanolin i ulla. Lanolinet gjer nemleg at fibrane bind seg betre saman.
Sidan ulla ikkje er spunne og difor ikkje har noko tvinn, blir resultatet – som nemnd – veldig mjukt. Eg tenkjer med ein gong at denne metoden eignar seg godt til kroppsnære plagg, som hals og huve.
Første forsøk: prøvelapp
Eg starta med ein liten prøvelapp, som du kan sjå under. Ulla kjem frå Vete Rosadotter – ein sau som går rett utanfor her. Ho er både fin og snill.
Ho har ikkje den aller mjukaste ulla, men likevel: Når eg brukte ho på denne måten, vart resultatet overraskande mjukt.

Om nokon har lyst å dogmestrikke med meg her i Gripen, send meg ein epost, og så samlar me oss i ein gjeng. Eg har ull til alle, men ta med strikkepinnar. Så de kan ta strikkinga med heim etterpå utan å dra pinnane ut. Pinnestorleik 3-6 passar best. Så kan me prate og drikke te eller noko samstundes. Det går såpass fort, at ein nesten kan verte ferdig med noko på ein kveld.
Kom igjen då! Kom og dogmestrikk! (så kan me finne eit betre namn medan me strikkar)


