Skip to main content
Tag

avl Arkiver - Gripen Gard

Det er hardt Ă„ vere sterk og tĂžff!

Av SauenIngen kommentar

GripavĂȘren Marris kom heim pĂ„ sundag. GripavĂȘren Gabriel, som eg brukar til mine sĂžyer i Ă„r, kunne ikkje la det skje utan at han sa frĂ„ om kven som er sjefen. Sidan Marris og insisterte pĂ„ Ă„ vere sjef, gjekk det som det av til gjer, det vert slĂ„sting. NĂ„r gutane kjem heim etter Ă„ ha vore uleigd, vert det ofte litt smĂ„knuffing, men denne gonge braka dei skikkeleg saman. FĂžrst pĂ„ kvar si side av gjerdet, sĂ„ dei traspa det pĂ„ fleire plassar. Det var ikkje anna Ă„ gjere enn Ă„ sleppe dei saman sĂ„ dei kunne fĂ„ fastsett rangordninga. Dei heldt pĂ„ lenge, men til slutt var det Marris som kasta inn handlleet. SĂ„ dĂ„ er det Gabriel Sjurson, som berre er ein risbit, som rular i Gripen. Men det alle veit, nĂ„r me oppsummerar, er at det er Mamsen, altsĂ„ meg, som er sjefen over alle sjefar. Og eg treng slett ikkje Ă„ vise krefter for Ă„ vere sjef. Kan det vere naturleg autoritet? Eller rett og slett kjĂŠrleik og respekt? Mest sannsynleg ei god blanding.

Det ser og hÞyrset fÊlt ut nÄr dei brakar saman. Her byrjar dei Ä vere slitne. Det tek pÄ Ä kjempe slik. No er dei uansett vener att, og Gabriel er attende til haremet sitt. Dei pÄ si side, virkar ikkje imponert.

Om de lurar pĂ„ om det ikkje er farleg Ă„ gĂ„ inn til dei? Det kan det vere, men ikkje med desse to. Dessutan er dei berre opptekne av kvarandre. Det er ikkje lett Ă„ fĂ„ kontakt med dei. Eg prĂžvde Ă„ avleie dei med litt mat, men dei hadde for mykje uoppgjort, visstnok. Det har hendt at verar som har vore underlegne har kome springande til meg for Ă„ gĂžyme seg bak meg. “Mamsen , mamsen, hjelp meg! Billy er slem og vil ta meg!” DĂ„ vert det berre slutt pĂ„ kampen, det er det ultimate teikn pĂ„ Ă„ vere svekling og mammadalt, og slike gidd ingen tĂžffingar Ă„ slĂ„st med. Det vert ikkje noko skikkeleg slĂ„sskamp om dei ikkje er omlag jamnbyrdige. No har i alle fall desse to slĂ„ste frĂ„ seg, og mamsen har reinsa sĂ„r, plastra og trĂžysta. Og mykje mat, sĂ„ dei kan ta seg fort inn.

Sjefen og nestsjefen, medan damene gir blaffen.