Skip to main content
Tag

Gamalnorsk sau Arkiver - Gripen Gard

Dogmestrikk

Av Kurs, Sauen, Ull og slikt, WorkshopIngen kommentar

Det er etterkvart interesse for dogmestrikk. ( eg anar ikkje kvifor det heiter dogmestrikk, men dette henta eg frĂ„ nynorskordboka: Ordet dogma kjem av  gresk dogma ‘meining’, av dokein ‘meine’;DĂžme: kyrkjeleg lĂŠresetning, og: oppfatning som ein (utan prov eller grunngjeving) gĂ„r ut frĂ„ er sann. DĂžme: politiske dogme. Dette gir jo ikkje heilt mening, men uansett; nĂ„r du “dogmestrikkar” , strikkar du direkte frĂ„ rĂ„ ull som ikkje er karda eller spunne fĂžrst. Eg har prĂžvd meg litt fram, og det som eg spesielt merkar meg, er at resultatet vert veldig mjukt. Det er jo interessant. Det vert lett litt klumpar, og arbeidet vert litt boblete, men ogsĂ„ artig og interessant. Det kjem jo litt an pĂ„ ulla du brukar, di meir tova og ujamn ho er, di meir boblete resultat. Det er fint om det er passeleg med lanolin, lanolinet gjer at fibrane heng betre saman. Sidan det ikkje vert noko tvinn pĂ„ ulla som vert strikka, vert det som nemnd over veldig mjukt. Eg tenkjer med ein gong pĂ„ at denne mĂ„ten Ă„ lage plagg pĂ„, passar til kroppsnĂŠre plagg. Difor vil eg prĂžve meg pĂ„ hals og huve. Eg starta med ein prĂžvelapp, som de kan sjĂ„ under. Ulla er frĂ„ Vete Rosadotter, som gĂ„r rett utanfĂžre og er ein veldig fin og snill sau Ho har ikkje den aller mjukaste ulla, men nĂ„r eg brukte ulla slik, vart resultatet veldig mjukt likevel. Interessant! Dette er Vete Rosadotter:

Om nokon har lyst Ä dogmestrikke med meg her i Gripen, send meg ein epost, og sÄ samlar me oss i ein gjeng. Eg har ull til alle, men ta med strikkepinnar, sÄ de kan ta strikkinga med heim etterpÄ utan Ä dra pinnane ut. Pinnestorleik 3-6 passar best. SÄ kan me prate og drikke te eller noko samstundes. Det gÄr sÄpass fort, at ein nesten kan verte ferdig med noko pÄ ein kveld. Kom igjen dÄ! Kom og dogmestrikk! (sÄ kan me finne eit betre namn medan me strikkar)

Vinter i Gripen

Av Sauen, UkategorisertIngen kommentar

Romjula 2024 og byrjinga av januar 2025 har vore kald og vakker. Den beste vinteren er vinter med snĂž. SnĂžen lagar eit fantastisk lys. Me fekk til og med nordlys. Ein Ăžnskedraum av ein vinter for meg, sjĂžlv om ikkje vara sĂ„ lange. Eg elskar snĂž. Hundane elskar snĂž. Sauene likar og snĂžen mykje betre enn regnet. SĂŠrleg nĂ„r dei fĂ„r masse deilig hĂžy frĂ„ kultureng i Gripen. Livet er strĂ„lande godt for alle i Gripen nĂ„r det er slik. EnerginivĂ„et stig som om det skulle vore vĂ„r! I omlag to veker fekk me ha det slik. SĂ„ var det attende til regn og vind. Vinter med regn er det me er vane med, ein grĂ„ vinter med mykje gjĂžrme. Men Å! kor eg naut vinter med snĂž medan det vara, og eg skal leve lenge pĂ„ det!

Det er hardt Ă„ vere sterk og tĂžff!

Av SauenIngen kommentar

GripavĂȘren Marris kom heim pĂ„ sundag. GripavĂȘren Gabriel, som eg brukar til mine sĂžyer i Ă„r, kunne ikkje la det skje utan at han sa frĂ„ om kven som er sjefen. Sidan Marris og insisterte pĂ„ Ă„ vere sjef, gjekk det som det av til gjer, det vert slĂ„sting. NĂ„r gutane kjem heim etter Ă„ ha vore uleigd, vert det ofte litt smĂ„knuffing, men denne gonge braka dei skikkeleg saman. FĂžrst pĂ„ kvar si side av gjerdet, sĂ„ dei traspa det pĂ„ fleire plassar. Det var ikkje anna Ă„ gjere enn Ă„ sleppe dei saman sĂ„ dei kunne fĂ„ fastsett rangordninga. Dei heldt pĂ„ lenge, men til slutt var det Marris som kasta inn handlleet. SĂ„ dĂ„ er det Gabriel Sjurson, som berre er ein risbit, som rular i Gripen. Men det alle veit, nĂ„r me oppsummerar, er at det er Mamsen, altsĂ„ meg, som er sjefen over alle sjefar. Og eg treng slett ikkje Ă„ vise krefter for Ă„ vere sjef. Kan det vere naturleg autoritet? Eller rett og slett kjĂŠrleik og respekt? Mest sannsynleg ei god blanding.

Det ser og hÞyrset fÊlt ut nÄr dei brakar saman. Her byrjar dei Ä vere slitne. Det tek pÄ Ä kjempe slik. No er dei uansett vener att, og Gabriel er attende til haremet sitt. Dei pÄ si side, virkar ikkje imponert.

Om de lurar pĂ„ om det ikkje er farleg Ă„ gĂ„ inn til dei? Det kan det vere, men ikkje med desse to. Dessutan er dei berre opptekne av kvarandre. Det er ikkje lett Ă„ fĂ„ kontakt med dei. Eg prĂžvde Ă„ avleie dei med litt mat, men dei hadde for mykje uoppgjort, visstnok. Det har hendt at verar som har vore underlegne har kome springande til meg for Ă„ gĂžyme seg bak meg. “Mamsen , mamsen, hjelp meg! Billy er slem og vil ta meg!” DĂ„ vert det berre slutt pĂ„ kampen, det er det ultimate teikn pĂ„ Ă„ vere svekling og mammadalt, og slike gidd ingen tĂžffingar Ă„ slĂ„st med. Det vert ikkje noko skikkeleg slĂ„sskamp om dei ikkje er omlag jamnbyrdige. No har i alle fall desse to slĂ„ste frĂ„ seg, og mamsen har reinsa sĂ„r, plastra og trĂžysta. Og mykje mat, sĂ„ dei kan ta seg fort inn.

Sjefen og nestsjefen, medan damene gir blaffen.