Skip to main content
Tag

villsau Arkiver - Gripen Gard

Bokbad: Snakk med sauen

Av Ingen kommentar

October 3 / 18:00 20:00

HILDE BUER

Hilde Buer, sivilagronom, bonde og forfattar av den populære Villsauboka, kjem no med ny bok om sauekviskring og sauesignaler. Sauene til Hilde har gleda over å bli sett og høyrd, dei er alle ulike karakterar med alle slags kjensler. No kan du lære meir om sauen sin åtferd og gjennom det bli ein betre gjetar og sauebonde. Særleg dei siste tiåra har det kome svært mykje ny forsking som viser oss at dyra ikring oss har dei same slag kjensler som vi har, dei er både ulykkelege, glade og forventningsfulle. Har du lyst å gjere livet med sauen meir interessant og hyggeleg og ikkje minst gje sauen betre kår, kan du komme å høyre på Hilde.

Arrangementet er gratis. Parkering inne ved hyttene eller utanføre grinda på grusplassen til den greie naboen!

Det vert sal av signerte bøker og kaffe med noko til. Velkomne!

Gripen gard

99293971

Brikkevev

Av Ingen kommentar

October 2 / 17:00 20:00

LUCIA ANDALOVA

Du lærer den svært gamle tekninkken brikkevev. Brikkar og garn er inkludert i prisen. Ta med innesko. Det vert kaffepausar med kaffimat.

Skyss frå og tilbake til Flatøy terminal kan ordnast. Avtal med Lucia Andalova på lucia.andal@protonmail.com eller Helene Olli på post@gripengard.no

900,00

Helene Olli Sollid

99293971

View Organiser Website

Gripaløa

Gripavegen 86
5918 Frekhaug, 5919
+ Google Map
99293971

Tickets

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking “Get Tickets” will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Brikkevev
900,00
7 available

Villsau-ull

Av Ingen kommentar

October 1 / 17:00 19:00

Du lærer å sortere ulla frå den gamalnorske sauen, plukke ut den beste ulla til karding og spinning. Du lærer å skilje tog og tel, forskjell på roa (nappa) og klipt ull og kva ull som er best til ulike prosjekt. Tips om reinsing og vasking av rå ull.

Ta med forkle og innesko.

Lett servering.

300,00

Gripaløa

Gripavegen 86
5918 Frekhaug, 5919
+ Google Map
99293971

Tickets

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking “Get Tickets” will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Villsau-ull
Sortering og handtering
300,00
20 available

Det er hardt å vere sterk og tøff!

Av SauenIngen kommentar

Gripavêren Marris kom heim på sundag. Gripavêren Gabriel, som eg brukar til mine søyer i år, kunne ikkje la det skje utan at han sa frå om kven som er sjefen. Sidan Marris og insisterte på å vere sjef, gjekk det som det av til gjer, det vert slåsting. Når gutane kjem heim etter å ha vore uleigd, vert det ofte litt småknuffing, men denne gonge braka dei skikkeleg saman. Først på kvar si side av gjerdet, så dei traspa det på fleire plassar. Det var ikkje anna å gjere enn å sleppe dei saman så dei kunne få fastsett rangordninga. Dei heldt på lenge, men til slutt var det Marris som kasta inn handlleet. Så då er det Gabriel Sjurson, som berre er ein risbit, som rular i Gripen. Men det alle veit, når me oppsummerar, er at det er Mamsen, altså meg, som er sjefen over alle sjefar. Og eg treng slett ikkje å vise krefter for å vere sjef. Kan det vere naturleg autoritet? Eller rett og slett kjærleik og respekt? Mest sannsynleg ei god blanding.

Det ser og høyrset fælt ut når dei brakar saman. Her byrjar dei å vere slitne. Det tek på å kjempe slik. No er dei uansett vener att, og Gabriel er attende til haremet sitt. Dei på si side, virkar ikkje imponert.

Om de lurar på om det ikkje er farleg å gå inn til dei? Det kan det vere, men ikkje med desse to. Dessutan er dei berre opptekne av kvarandre. Det er ikkje lett å få kontakt med dei. Eg prøvde å avleie dei med litt mat, men dei hadde for mykje uoppgjort, visstnok. Det har hendt at verar som har vore underlegne har kome springande til meg for å gøyme seg bak meg. “Mamsen , mamsen, hjelp meg! Billy er slem og vil ta meg!” Då vert det berre slutt på kampen, det er det ultimate teikn på å vere svekling og mammadalt, og slike gidd ingen tøffingar å slåst med. Det vert ikkje noko skikkeleg slåsskamp om dei ikkje er omlag jamnbyrdige. No har i alle fall desse to slåste frå seg, og mamsen har reinsa sår, plastra og trøysta. Og mykje mat, så dei kan ta seg fort inn.

Sjefen og nestsjefen, medan damene gir blaffen.