Skip to main content
Garden

Gripen, slik det er i april 2020.

Av 7. April 2020May 16th, 2020Ingen kommentar

Gripen treng driftsbygning! Den gamle løa hadde rasa saman på murane då eg overtok garden i 2012.. Natursteinsmurane er no reve ned og bygd oppatt og er klare for reising av ny grindløe. Løa skal ha plass til ca 4 kyr, sida trønderfe eller liknande eldre norsk buferase. Det skal og vere rom for stort høy-lager på lemen. Eg produserer alt høyet dyra mine treng her på garden, men manglar skikkeleg lager. No brukar eg ein stor gamal tresilo til høy (har gjort tiltak for at det skal fungere, og har bygd høy-tørke). Så treng eg produksjonslokale til produksjon av mysost og smør. Eg treng og rom til foredling av sauekjøt. Eg sender ca 25 sauer/lam til slakt kvart år, og tek alt kjøt i retur for direktesal. Eg lagar pinnekjøt og fena-lår. Alt vert seld til god pris. Eg har lang strandlinje til Storavatnet, det det no er svært godt fiske, både aure og røye.  Eg vil gjerne utnytte denne ressursen og treng difor rom til foredling av ferskvassfisk. Eg held ein del kurs og andre arrangement på garden, og det hadde vore praktisk med eit rom eg kunne bruke til undervisning, kurs, servering og møter. Produksjonen er no Debiogodkjend, og vert straks godkjend som Inn på tunet-tilbydar. Ventar revisjon i vår. Eg treng og rom til ein liten gardsbutikk. I tillegg til sauekjøt sel eg andre produkt frå garden, som jordskokkar, sopp, forskjellig syltetøy og marmelade, hasselnøtter, egg, skinn og ull-produkt. For tida vert det produsert veldig eksklusivt handkarda og handspunne garn frå sauene i Gripen. Etterkvart vert det og sal av honning, har ei heilt fersk birøkt. Eg lagar og ein del produkt som spik (tyristikker), og rustikke møblar og lamper. 

Kos og flåttplukking

Sidan gardsdrifta er lita, slik det er vanleg på små Vestlandsgardar, må eg drive med mykje forskjellig for å tene nok pengar. Eg arbeider berre heime på garden, og vil ikkje ha noko arbeid utanom. Eg tek imot møblar, vindauge dører ol for restaurering, men eg tek minimalt av jobb eg ikkje kan gjere heime. Gripen har to små utleigehytter som er ferdig innreidd, og vert leigd ut. Eg har ei lita øy i Storavatnet der er har sett opp ein stor solid lavvo, som har solid tregolv, og er fint møblert, med vedomn, feltsenger og store gamle kister og det som trengs for å bu der. Øya vert leigd ut med robåt, flytevestar og fiskegarn. På litt sikt vil eg byggje tretopphytter ved den verneverdige urskogen på garden. Ein stor del av skogen i Gripen er no freda gjennom frivillig skogvern, naturreservatet Gripakletten.

Sidan eg overtok garden har eg sett opp meir enn 4 km nytt gjerde, og fått innmark og utmark på stell. No i dag har eg pluss minus 70 vinterfôra sauer/vêrar, ein gris og høns.  Eg driv med utleige av avlsvêrar, så eg har alltid omlag ti vaksne vêrar, av fleire ulike linjer i utleigestallen. Då eg kom var alle hus i sterkt forfall, løa var rasa heilt saman. Eg har restaurert bustadhus, bygd kjøken og bad. Eg har restaurert smia. Neste byggjetrinn vert å restaurere sjølve smieavlen og få smia i brukbar stand. Då kan me produsere enkle bygningsdetaljar der, som krampar, krokar, hengsle mm. Mykje av det gamle utstyret har eg funne att i alt rotet som var her då eg overtok. Eldhuset frå 1500 var i forferdeleg dårleg tilstand. Det var berre eg i heile verda, trur eg, som meinte at det var liv laga. Delar av det var så rote at det var store hol i tømmerveggane. Det var ikkje godt nok til å bere taket td. Eg løyste det med å byggje eit hus utanpå det gamle. Det gamle huset er altså delvis inni veggane. Der tømmeret var ok er dei synlege inne. Eg kjøpte eit lite motorsagbruk, og mest alt material til eldhuset er henta frå eigen skog og saga på eige sagbruk. Slik kunne me produsere «etter bestilling” frå dei som var byggje-team. Eg har og reparert den store eldhusomnen, som var på veg til å rase saman. Det virka som eit vonlaust prosjekt, men no står huset der, og er riktig fint. Det er eit svært viktig bygg for garden og for tunskipnaden. 

Eg har og sett opp ein grindbygd traktorgarasje med lem. Eg har bygd veg, ikkje heilt fram til tunet, men til garasjen og hyttene, der det no er ein parkeringsplass. Eg har og fått lagt inn meir straum, fått nytt sikringsskåp med jordfeilbrytar og jording. Og trefaseanlegg til byggjestraum. Mykje er gjort, altså.

Og no er turen kome til løa. Eg har avtale med Bart Leffre, som vil byggje løa. Tømmer tek me frå eigen skog. Eg har fått teke ut dei stokkane eg treng no i vinter, og har avtalt med ein kar som har mobilt sagbruk, som kjem hit og sagar alt material me treng til løa. 

Når løa er realisert, vert siloen ledig for anna bruk, og eg har sjølvsagt mange idear til ny bruk. 

Bart har alt laga teikningar og modell av løa, så me veit no korleis det skal verte. Løe vert bygd på dei gamle murane, så det nye bygget er nøyaktig tilpassa murane.

Etter kvart som tida har gått, er det sauene og ulla, som er den berande produksjonen i Gripen. Eg har knytt til meg gode folk, og Gripen er no vorte eit lite ull-univers, og mykje folk kjem for å oppleve dette, anten på kurs me held, eller andre events. I Gripen er det sju rokkar, og alle er i bruk! Kurs me held er mellom anna, spinning på handtein, spinning på rokk, plantefarging, brikkevev, redesign, kles-reparasjon, matlaging ute, matlaging på vedfyrte omnar, lefsebaking på vedfyrte omnar, korleis lagebrakevegg, tjærebrenning, sjølvberging og mykje meir. 

Sidan me no brukar så mykje tid på ull, og spesialprodukt av ull, meiner eg at det er viktig og nødvendig og lage produksjonslokale for dette i løa.   Dei funksjonane eg har planlagt i løa vert altså dette: i tillegg til eit lite kufjøs, plass til lager av kraftfôr mm, pluss rom for grisen. Dette vert i grunnetasjen, søndre del. I nordre delen, som er avskilt frå dyrehaldet, treng eg eit lite rom til kjøt- og mjølkeforedling, godkjent av Mattilsynet. Elles er denne delen av løa planlagt til “ull-verkstad”.

Gripen (eg) samarbeider med Bergen og omegn turistforeining, og Gripen er eit av stoppa på den nye attraksjonen Ull-ruta, eller Wool heritage route, der Gripen er den einaste saue- og ullprodusenten. Om de vil kan de google Ull-ruta, så de kan sjå den fine brosjyra. Eg er i eit fabelaktig selskap her, noko eg er stolt og takksam for. 

No vert eg straks godkjend som tilbydar av Norsk økoturisme og Gripen får smykke seg med merket Hanen.

Undertida går livet sin gang, jord vert førebudd til vekstsesongen, frø spirar i kaldbenkar og inne, hønene legg fleire egg, og ute har vårens vakraste eventyr byrja, og det lamma som får mest merksemd her no om dagane.

 

Helene Sollid

Helene Sollid

Gardbrukar og altmuligoter

Skriv en kommentar