Skip to main content
KalenderKursKurs og workshopSauenUll og slikt

Det skjer! Komande kurs i Gripen hausten 2020.

Av 6. September 2020Ingen kommentar

På grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til å vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesøkfronten. MEN, me står no på likevel, med noko færre deltakarar enn vanleg. Noko som faktisk kan auke utbytet av kursa for den einskilde deltakar, som kan få endå meir hjelp av oss som held kurset.

Det første kurset er plantefarging med den fantastisk flinke Sascha Camilla Gade frå Vaid plantefargeri. Tenk at ho faktsik skal halde kurs i Gripen, og har lyst til akkurat det! Ein typisk vinnvinnsituasjon. 🙂 Det vert to kurs med Sascha, eit 12. september, og eit i Ullveka, den 25. oktober. For kurset i Ullveka, sjå link lengre ned. For påmelding til kurset 12. september, meld deg på her: https://vaid-no.myshopify.com/collections/nyheter/products/kopi-av-1-dags-plantefargingskurs-15-august-1

Nydelege fargar, både naturfargar, og slike som sparkar ( alle er basert på plantefarging)

Så vert det tre spinnekurs i Ullveka. Vigdis Valde er hovudkurshaldar og spinneproff, eg er hjelpar, reparatør og tilretteleggjar. (spinoff assistent) To av kursa har fokus på rokken som helst skal vere din ven for livet. I eit av kursa får rokken mykje merksemd. Har du ein rokk du er usikker på om virkar som han skal , har du kanskje ikkje prøvd han, eller ikkje fått til noko godt kompaniskap med han, kan du og rokken kome hit, og så finn me ut kva som er gale. Det kan både vere teknikken, eller rokken, – eller begge deler. Ikkje fortvil, me hjelper deg. Og er rokken ikkje i stand til å gi deg det du treng, har me rokkar her du kan sjå om du likar betre. Det andre kurset er det meir fokus på teknikk, men ein rokk som fungerar frå starten.

Denne nydelege rokken er frå Telemark, og har karveskurd og årstal og initialar. Men for ein mitete skranglerokk! Eg tenkte kanskje har var heilt utanføre redning, men med liming, nye delar, pussing, tuning og smøring, malar både han og eg. Vener! Pass forresten på å ikkje bruke noko anna enn den finaste olje til rokken din, som den beste symaskinolje. Før brukte dei hønsefeitt, så om ikkje lenge så kjem eg nok til å koke ei høne…eller meir truleg ein ufordrageleg hane.
To hesper med garn spunne med Sara SuperullSaraull. Ei hespe med dekkhår, og ei nestan utan. Så ubegripeleg mjukt. Gamle søya mi. <3

I det tredje spinnekurset ser me nærmare på det eintråda garnet. Den einsame tråden. Den eine tråden som åleine må ha alt eit garn treng for å vere brukande. Han må vere sterk nok gjennom heile nøstet, elles vert det hol i strikkinga. Dette skal me studere og spekulere kring. Det kjem til å verte skikkeleg fint, trur eg. Eg får nesten lyst til å skrive eit dikt til den eineståande tråden. Kanskje me kan gjere det saman på kurset.

Eintråda garn. Noko sterkt, og noko så mjukt at eg kunne skrøte på meg kashmirgeiter…

Meld deg på kurs via Deltager.no, søk på Ullveka 2020, og finn kursa der. Kanskje er det noko anna spennande andre stadar som og fristar og? Uansett vert me veldig glade om du kjem på kurs og er saman med oss i Gripen. https://www.deltager.no/participant/search.aspx?s=ullveka%202020

Flokkleiar Lilly ønsker alle velkomne til kurs i Gripen. “Det er viktig at folk lærer om ull”, seier ho i ei pressemelding til Gripengard.no. Som talsau for Gripaflokken vil ho gjere det klårt at det er viktig at så mange som muleg tek på seg ei oppdragande rolle for å få folk til å sjå kor myklje den gamalnorske sauen har å bidra med, Ho seier vidare at ulla til villsauen lenge har hatt eit ufortent dårleg rykte. Det er på høg tid at ulla frå den gamalnorske sauen vert teke på alvor, seier ho. Det er elles viktig at folk skjønar at også søyer kan ha horn, og at at i saueflokkar er det alltid ei søye som er sjef. Det er alltid så mykje styr og vesen med desse vêrane, avsluttar ho med eit glimt i auga, og humrar litt.

Helene Sollid

Helene Sollid

Gardbrukar og altmuligoter

Skriv en kommentar


The reCAPTCHA verification period has expired. Please reload the page.