Skip to main content
SauenUll og slikt

Ull frå elska sauer

Av 6. September 2020Ingen kommentar

Garn på individnivå. Eit ekte Gripenprodukt frå først til sist. Først har eg ala opp sauen, stelt med han , medisinert og passa på, så har eg temt og vorte ven med sauen, og vorte veldig glad i han, slik eg ikkje klarar å la vere å verte, så klart. Så har eg nappa sauen og lagt ulla i sekk med namnet til sauen på, og dato for napping. Så har eg handkarda ulla, og så spunne ulla på ein av dei fine rokkane mine. Heile vegen har sauen vore med. Eg tenkjer ofte på sauen medan eg held på, eg vert kjend med ulla til akkurat denne sauen. Merkelapp med namn og årstal følgjer med heile vegen. På lappen på sekken, kan det td stå. Inka, 2020. Lett å nappe. Nyter det. Alle sauene har sin plass i ull-kartoteket mitt. Ei lita hespe med garnprøve og ein dott med representativ ull. På merkelappen står det opplysningar om tidspunkt for napping, kor lett det var, eller om det var nødvendig å klippe litt (eg luggar dei aldri, det er vondt for dei. Sit det godt, vert det klipping, eller så ventar eg nokre veker til). Så skriv eg om sauen likar det, eller kanskje er kilen, om ulla var skiten, om det td var tova i nakken, om det var dyrehår, stor forskjell på tog og tel, mm. Av og til kan det stå slikt som: Lucie ville ikkje vere ferdig, og lura seg inn i køa for ein ny omgang. Eller: dette var ei skikkeleg kosestund. Eller: Iris likar det ikkje, ho er så kilen. Då gjeld det å gjere det så fort og forsiktig som muleg, og ikkje vere så nøye, resten ramlar av til slutt uansett. Min ven Didrik likar verkeleg ikkje å verte nappa, så då ventar eg så lenge som muleg, slik at det sit veldig laust. Det virkar som han synest det er lite ærerikt å verte nappa, så me treng ikkje å ha publikum, tenkjer eg. Så gøymer me oss ein stad, han og eg, og får det gjort. Å hildrande du, kor eg elskar desse sauene mine!

Didrik og bonden
Didrik, min trufaste ven og gode hjelpar.

Helene Sollid

Helene Sollid

Gardbrukar og altmuligoter

Skriv en kommentar


The reCAPTCHA verification period has expired. Please reload the page.