Skip to main content
Monthly Archives

February 2025

Dogmestrikk

Av Kurs, Sauen, Ull og slikt, WorkshopIngen kommentar

Det er etterkvart interesse for dogmestrikk. ( eg anar ikkje kvifor det heiter dogmestrikk, men dette henta eg frå nynorskordboka: Ordet dogma kjem av  gresk dogma ‘meining’, av dokein ‘meine’;Døme: kyrkjeleg læresetning, og: oppfatning som ein (utan prov eller grunngjeving) går ut frå er sann. Døme: politiske dogme. Dette gir jo ikkje heilt mening, men uansett; når du “dogmestrikkar” , strikkar du direkte frå rå ull som ikkje er karda eller spunne først. Eg har prøvd meg litt fram, og det som eg spesielt merkar meg, er at resultatet vert veldig mjukt. Det er jo interessant. Det vert lett litt klumpar, og arbeidet vert litt boblete, men også artig og interessant. Det kjem jo litt an på ulla du brukar, di meir tova og ujamn ho er, di meir boblete resultat. Det er fint om det er passeleg med lanolin, lanolinet gjer at fibrane heng betre saman. Sidan det ikkje vert noko tvinn på ulla som vert strikka, vert det som nemnd over veldig mjukt. Eg tenkjer med ein gong på at denne måten å lage plagg på, passar til kroppsnære plagg. Difor vil eg prøve meg på hals og huve. Eg starta med ein prøvelapp, som de kan sjå under. Ulla er frå Vete Rosadotter, som går rett utanføre og er ein veldig fin og snill sau Ho har ikkje den aller mjukaste ulla, men når eg brukte ulla slik, vart resultatet veldig mjukt likevel. Interessant! Dette er Vete Rosadotter:

Om nokon har lyst å dogmestrikke med meg her i Gripen, send meg ein epost, og så samlar me oss i ein gjeng. Eg har ull til alle, men ta med strikkepinnar, så de kan ta strikkinga med heim etterpå utan å dra pinnane ut. Pinnestorleik 3-6 passar best. Så kan me prate og drikke te eller noko samstundes. Det går såpass fort, at ein nesten kan verte ferdig med noko på ein kveld. Kom igjen då! Kom og dogmestrikk! (så kan me finne eit betre namn medan me strikkar)

Vinter i Gripen

Av Sauen, UkategorisertIngen kommentar

Romjula 2024 og byrjinga av januar 2025 har vore kald og vakker. Den beste vinteren er vinter med snø. Snøen lagar eit fantastisk lys. Me fekk til og med nordlys. Ein ønskedraum av ein vinter for meg, sjølv om ikkje vara så lange. Eg elskar snø. Hundane elskar snø. Sauene likar og snøen mykje betre enn regnet. Særleg når dei får masse deilig høy frå kultureng i Gripen. Livet er strålande godt for alle i Gripen når det er slik. Energinivået stig som om det skulle vore vår! I omlag to veker fekk me ha det slik. Så var det attende til regn og vind. Vinter med regn er det me er vane med, ein grå vinter med mykje gjørme. Men Å! kor eg naut vinter med snø medan det vara, og eg skal leve lenge på det!

Planlagde kurs!

Av UkategorisertIngen kommentar

Dei neste månadane vert det fleire kurs her i Gripen.

Først vert det kurs i lefsebaking, med hovudvekt på bruk av potet. De kan og få prøve bake på vedfyrt takke.

DOGMESTRIKK! Eller direktestrikking. Her får du lære å strikke direkte av rå ull. Kun enkel tilverking av ulla før strikking. Same teknikk kan brukast til hekling. Ulltilverking for den late!

På oppfordring planlegg eg kurs i reparasjon og vedlikehald av gamle kitta vindauge.

Så vert det kurs i å lage såper. Her vert Ida Camilla Bjørge instruktør. https://www.instagram.com/blomeogbrake/

Eg prøver og å få til eit kurs i korgfletting no i vår

I juni planlegg eg kurset, Ull, – frå sau til nøste. Kurset går over ei helg. Dag ein nappar me sauer, ser på ulla, vurderar kvalitet og sorterar.Me finn og vel ut den ulla kan me bruke til å lage garn. Førebuing til spinning; finsortering på farge, plukking av rusk, eventuelt vasking, karding. Dag to kardar me vidare og startar spinning. Det vert karding og spinning heile dagen.

Alle dagskurs har matservering, i tillegg til kaffe/te og lett kaffimat.

Er du interessert i eitt eller fleire kurs, send meg ein epost og meld di interesse. post@gripengard.no Merk med kurs i emnefeltet.