Skip to main content
Kategori

Gardbesøk og events

Sommarskule i Gripen!

Av Gardbesøk og events, Gardsbesøk, Hending, KalenderIngen kommentar

Kvart år arrangerar Meland frivillighetssentral sommarskule for ungar som har sommarferie. I dag var det tredje gongen dei besøkte oss i Gripen. 4 damer frå husflidslaget var med, og dei hadde spinneutstyr, ull, garn til band og fletting med seg. Dei baka og stompekake, som er forunderleg gode. Minigrisen Nelly elskar stompekake og gjer alle dei triksa ho kan for å få smake. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad var også med heile dagen, og det er det klart me er stolte og glade for.

Ordførar Sara bakar stompekaker.
Nelly, den gigantiske minigrisen elsker sommarskule. Det vert alltid mykje godsaker. Sjølv om ho er ganske sur, så likar ho ungane, i alle fall mykje betre enn vaksne. Men aller mest elskar Nelly Mamsen (WCM Helene Olli). Og så stompekake då.
Slik gjer me det i Gripen. Vedfyrt steiketakke. Stopmekakene vert ekstra gode på dette viset.

I tillegg til aktivitetane til husflidslaget, fekk ungane mellom anna vere med på greier som å kappkøyre med mjølkekjerre, lage barkebåtar, klatre i “Nordhordlands største rododendron”, gi flaske til kopplammet, lage paddeterrarium, ro på Storavatnet, plukke vassliljer, kose med hundane og snakke med Nelly og sauene og sjå på alt me har her i Gripen. Vêret heldt seg bra heile tida, sjølv om regnet sto klart frå morgonen. Det er kjekt å sjå små henderi aktivitet med gamalt handverk. Nokon av dei klarte å lage tråd både på handtein og på rokken.

Takk alle som var med, for ein strålande dag.