Kurs og event

Det vert haldne mange kurs her i Gripen. Me held ulike kurs i gamalt handverk; ofte kjend som raudlista handverk.  Gripen gard er ein stor aktør i Ullveka, der me har mange kurs og andre arrangement kvart år. Døme på kurs er:

  • Ullhandtering og sortering
  • Napping av gamalnorsk sau, vurdering av ulla.
  • Karding
  • Spinning, både handtein og rokk
  • Dogmestrikk (strikking direkte frå rå, ubehandla ull)
  • Plantefarging, både finne plantene, forarbeid og farging
  • Brikkevev
  • Bogevev (ut i skogen og finne emne til boge og så setje opp veven i bogen)
  • bøting /lapping, ulike teknikkar
  • Pinnevev
  • Lefsebaking
  • Ulike måtar å tove på
  • Redesign
  • Tørrmuring
  • Gjerding
  • Grøfting
  • Mykje meir

Om du har lyst på eit kurs, kan du sende meg ein epost, og så set eg deg på lista saman med andre som er interessert i same kurset. Er du/de interessert i eit kurs som ikkje er nemnd her, kan du kontakte meg om det, så kan eg sjå om eg kan få det til å skje likevel. Eg kan hyre inn instruktørar om eg ikkje sjølv kan faget. Kurs eg har tenkt å arrangere i fortsetjinga er td korgfletting og kipelaging.

ULLVEKA 2026 Gripen gard

| Kurs og workshop | Ingen kommentar
Lina Odell kjem til Ullveka 2026! I år skjer det noko heilt fabelaktig i Gripen under ullveka. Den fantastiske LINA ODELL kjem frå Sverige! Ho kjem for å halde kurset…

Festlokalet i Gripaløa er klart for utleige!

| Gardbesøk og events, Gripaløa | Ingen kommentar
Velkomen til å tinge Gripaløa til fest, kalas, møte, seminar eller kva du vil.

Gripaløa er endeleg ferdig!

| Gripaløa | Ingen kommentar
Eit langt prosjekt er fullført. Festlokalet er reidugt til utleige. Det same med kjøken og produksjonskjøken.

Gripaløa

| Gripaløa | Ingen kommentar
Det er mykje rot kring nåvene enno, men får nok rydda opp til slutt... Det vårast etter kvart.

Det skjer! Komande kurs i Gripen hausten 2020.

| Kalender, Kurs, Kurs og workshop, Sauen, Ull og slikt | Ingen kommentar
På grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til å vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesøkfronten. MEN, me står no på likevel, med noko…