Skip to main content
Ull og sliktVerkstaden

Reparasjon av gammel gråtevakker skranglerokk.

Av 11. July 20202 kommentar

Når ein kjøpe rokk usett, fordi ein har vorte forført av kor vakker han er, då kan det føre til litt trøbbel… Denne rokken er gråtevakker, men såpass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg må no prøve i alle fall.

Det er ein snelle med, og ingen av snellene eg har frå før, passar. Stålet i flygaren er for tjukt. Alt sto i sju steinar, men etter rens og oljing, og nokre tilpassingar, snurrar snella fint.
Trist at miten har fått boltre seg litt for mykje. Men sjå på den nydelege karveskurden! Lurar på kva namna bak initialane er…

Når eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer på dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som åtte denne skatten. På den første eigaren som sikkert fekk denne rokken i gåve frå ein kjær person, kanskje ein kjærast. Ei trulovingsgåve, kanskje? Eg tenkjer på gleda som måtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett å bruke, og fin tråd kunne spinnast på han.

Det er mykje som er annleis med denne rokken. Td så sprikar han mykje meir enn vanleg med føtene. Så er det innfestinga til fotpedalen som er sat i rokken på ei side, og fast i rokken på andre sida. Vanlegvis er stålet festa i begge endane av pedalkvilaren, så no får me prøve noko anna. Det viktige er at det glir godt i begge endar, så det må eg jo fikse på eit vis.

Som de ser er det mykje hol etter mit, og då kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg må jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje får me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne tråd.

Helene Sollid

Helene Sollid

Gardbrukar og altmuligoter

Join the discussion 2 kommentar

  • Richard Fosse says:

    Hei, vi har arvet en gammel rokk som trenger sårt restaurering. Bor i Oslo – kjenner du noen som kan gjører dette for oss

    • Helene Sollid says:

      Nei , dessverre, eg kjenner faktisk ingen andre som reparerar rokkar. Du kan sikker få ein finsnekkar til å hjelpe deg, men det børe vere nokon med kunnskap om korleis ein rokk skal vere, og kjenne til alle innstillingane og slikt. Kanskje du kan ta med rokken på ferie neste gong, og så leige hytte i Gripen, så kan eg reparer rokken medan de har ferie. Om det ikkje slumpar til å vere midt i slåtten då, for då har eg ikkje tid til noko anna enn slåtten. 😉

Skriv en kommentar


The reCAPTCHA verification period has expired. Please reload the page.