Det er etterkvart interesse for dogmestrikk. ( eg anar ikkje kvifor det heiter dogmestrikk, men dette henta eg frĂ„ nynorskordboka: Ordet dogma kjem av  gresk dogma âmeiningâ, av dokein âmeineâ;DĂžme: kyrkjeleg lĂŠresetning, og: oppfatning som ein (utan prov eller grunngjeving) gĂ„r ut frĂ„ er sann. DĂžme: politiske dogme. Dette gir jo ikkje heilt mening, men uansett; nĂ„r du “dogmestrikkar” , strikkar du direkte frĂ„ rĂ„ ull som ikkje er karda eller spunne fĂžrst. Eg har prĂžvd meg litt fram, og det som eg spesielt merkar meg, er at resultatet vert veldig mjukt. Det er jo interessant. Det vert lett litt klumpar, og arbeidet vert litt boblete, men ogsĂ„ artig og interessant. Det kjem jo litt an pĂ„ ulla du brukar, di meir tova og ujamn ho er, di meir boblete resultat. Det er fint om det er passeleg med lanolin, lanolinet gjer at fibrane heng betre saman. Sidan det ikkje vert noko tvinn pĂ„ ulla som vert strikka, vert det som nemnd over veldig mjukt. Eg tenkjer med ein gong pĂ„ at denne mĂ„ten Ă„ lage plagg pĂ„, passar til kroppsnĂŠre plagg. Difor vil eg prĂžve meg pĂ„ hals og huve. Eg starta med ein prĂžvelapp, som de kan sjĂ„ under. Ulla er frĂ„ Vete Rosadotter, som gĂ„r rett utanfĂžre og er ein veldig fin og snill sau Ho har ikkje den aller mjukaste ulla, men nĂ„r eg brukte ulla slik, vart resultatet veldig mjukt likevel. Interessant! Dette er Vete Rosadotter:

Om nokon har lyst Ä dogmestrikke med meg her i Gripen, send meg ein epost, og sÄ samlar me oss i ein gjeng. Eg har ull til alle, men ta med strikkepinnar, sÄ de kan ta strikkinga med heim etterpÄ utan Ä dra pinnane ut. Pinnestorleik 3-6 passar best. SÄ kan me prate og drikke te eller noko samstundes. Det gÄr sÄpass fort, at ein nesten kan verte ferdig med noko pÄ ein kveld. Kom igjen dÄ! Kom og dogmestrikk! (sÄ kan me finne eit betre namn medan me strikkar)


