Skip to main content
Kategori

Garden

Reparasjon av gammel grÄtevakker skranglerokk.

Av Ull og slikt, Verkstaden2 kommentar

NĂ„r ein kjĂžpe rokk usett, fordi ein har vorte forfĂžrt av kor vakker han er, dĂ„ kan det fĂžre til litt trĂžbbel… Denne rokken er grĂ„tevakker, men sĂ„pass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg mĂ„ no prĂžve i alle fall.

Det er ein snelle med, og ingen av snellene eg har frÄ fÞr, passar. StÄlet i flygaren er for tjukt. Alt sto i sju steinar, men etter rens og oljing, og nokre tilpassingar, snurrar snella fint.
Trist at miten har fĂ„tt boltre seg litt for mykje. Men sjĂ„ pĂ„ den nydelege karveskurden! Lurar pĂ„ kva namna bak initialane er…

NÄr eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer pÄ dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som Ätte denne skatten. PÄ den fÞrste eigaren som sikkert fekk denne rokken i gÄve frÄ ein kjÊr person, kanskje ein kjÊrast. Ei trulovingsgÄve, kanskje? Eg tenkjer pÄ gleda som mÄtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett Ä bruke, og fin trÄd kunne spinnast pÄ han.

Det er mykje som er annleis med denne rokken. Td sÄ sprikar han mykje meir enn vanleg med fÞtene. SÄ er det innfestinga til fotpedalen som er sat i rokken pÄ ei side, og fast i rokken pÄ andre sida. Vanlegvis er stÄlet festa i begge endane av pedalkvilaren, sÄ no fÄr me prÞve noko anna. Det viktige er at det glir godt i begge endar, sÄ det mÄ eg jo fikse pÄ eit vis.

Som de ser er det mykje hol etter mit, og dÄ kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg mÄ jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje fÄr me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne trÄd.

Gripen 9. mai 2020

Av Garden, SauenIngen kommentar
Endeleg grĂžnkande bĂžar.

VĂ„ren er kome for fullt. I dag kom lam nr 29 etter ein liten pause i lamminga. Det er BjĂžrg som har lamma no i dag tidleg.  Marris er far, og eg er stolt av alle tre. Lammet er 2.2 kg, viltfarga brunt, og eit riktig vakkert lam. Det er ei sĂžye, fĂžrebels utan namn, me mĂ„ alltid tenkte litt og finne rett namn. Av og til berre skjer det, nokre gonger gĂ„r det dagar fĂžr me har funne rett namn. Av og til er det utomvĂŠringar (folk som ikkje er frĂ„ Gripen gard) som gir dei namn. 
Av og til kan det verte ganske vittig. Eg har tre sauer her, som er oppkalla etter far til son min sine nye svigerforeldre og hunden deira. SĂ„ her i Gripen finst bĂ„de Jane, Cato og Zanto. Dei har fĂ„tt fĂžlgje med lamma og vore spent pĂ„ korleis det gĂ„r med dei. Dei har til og med vore her og helst pĂ„ dei. I alle fall pĂ„ gutta boys. Jane var ikkje heime dĂ„ dei var her. Tilfeldigvis har dei utvikla seg sĂ„ fint at eg har dei alle framleis, dei to gutane er utfordrarar til GripavĂȘr-stallen. Sommaren vil syne kva det vert til. Dei er i alle fall  tamme og elskelege, og har super ull.  Det med ulla er kjempeviktig, bĂ„de her i Gripen, og i Nordhordland. Eg likar Ă„ tenkje at me er eit viktig ull-distrikt. PĂ„ veg til Ă„ verte, i alle fall


Gripen, slik det er i april 2020.

Av GardenIngen kommentar

Gripen treng driftsbygning! Den gamle lĂža hadde rasa saman pĂ„ murane dĂ„ eg overtok garden i 2012.. Natursteinsmurane er no reve ned og bygd oppatt og er klare for reising av ny grindlĂže. LĂža skal ha plass til ca 4 kyr, sida trĂžnderfe eller liknande eldre norsk buferase. Det skal og vere rom for stort hĂžy-lager pĂ„ lemen. Eg produserer alt hĂžyet dyra mine treng her pĂ„ garden, men manglar skikkeleg lager. No brukar eg ein stor gamal tresilo til hĂžy (har gjort tiltak for at det skal fungere, og har bygd hĂžy-tĂžrke). SĂ„ treng eg produksjonslokale til produksjon av mysost og smĂžr. Eg treng og rom til foredling av sauekjĂžt. Eg sender ca 25 sauer/lam til slakt kvart Ă„r, og tek alt kjĂžt i retur for direktesal. Eg lagar pinnekjĂžt og fena-lĂ„r. Alt vert seld til god pris. Eg har lang strandlinje til Storavatnet, det det no er svĂŠrt godt fiske, bĂ„de aure og rĂžye.  Eg vil gjerne utnytte denne ressursen og treng difor rom til foredling av ferskvassfisk. Eg held ein del kurs og andre arrangement pĂ„ garden, og det hadde vore praktisk med eit rom eg kunne bruke til undervisning, kurs, servering og mĂžter. Produksjonen er no Debiogodkjend, og vert straks godkjend som Inn pĂ„ tunet-tilbydar. Ventar revisjon i vĂ„r. Eg treng og rom til ein liten gardsbutikk. I tillegg til sauekjĂžt sel eg andre produkt frĂ„ garden, som jordskokkar, sopp, forskjellig syltetĂžy og marmelade, hasselnĂžtter, egg, skinn og ull-produkt. For tida vert det produsert veldig eksklusivt handkarda og handspunne garn frĂ„ sauene i Gripen. Etterkvart vert det og sal av honning, har ei heilt fersk birĂžkt. Eg lagar og ein del produkt som spik (tyristikker), og rustikke mĂžblar og lamper. 

Kos og flÄttplukking

Sidan gardsdrifta er lita, slik det er vanleg pÄ smÄ Vestlandsgardar, mÄ eg drive med mykje forskjellig for Ä tene nok pengar. Eg arbeider berre heime pÄ garden, og vil ikkje ha noko arbeid utanom. Eg tek imot mÞblar, vindauge dÞrer ol for restaurering, men eg tek minimalt av jobb eg ikkje kan gjere heime. Gripen har to smÄ utleigehytter som er ferdig innreidd, og vert leigd ut. Eg har ei lita Þy i Storavatnet der er har sett opp ein stor solid lavvo, som har solid tregolv, og er fint mÞblert, med vedomn, feltsenger og store gamle kister og det som trengs for Ä bu der. Øya vert leigd ut med robÄt, flytevestar og fiskegarn. PÄ litt sikt vil eg byggje tretopphytter ved den verneverdige urskogen pÄ garden. Ein stor del av skogen i Gripen er no freda gjennom frivillig skogvern, naturreservatet Gripakletten.

Sidan eg overtok garden har eg sett opp meir enn 4 km nytt gjerde, og fĂ„tt innmark og utmark pĂ„ stell. No i dag har eg pluss minus 70 vinterfĂŽra sauer/vĂȘrar, ein gris og hĂžns.  Eg driv med utleige av avlsvĂȘrar, sĂ„ eg har alltid omlag ti vaksne vĂȘrar, av fleire ulike linjer i utleigestallen. DĂ„ eg kom var alle hus i sterkt forfall, lĂža var rasa heilt saman. Eg har restaurert bustadhus, bygd kjĂžken og bad. Eg har restaurert smia. Neste byggjetrinn vert Ă„ restaurere sjĂžlve smieavlen og fĂ„ smia i brukbar stand. DĂ„ kan me produsere enkle bygningsdetaljar der, som krampar, krokar, hengsle mm. Mykje av det gamle utstyret har eg funne att i alt rotet som var her dĂ„ eg overtok. Eldhuset frĂ„ 1500 var i forferdeleg dĂ„rleg tilstand. Det var berre eg i heile verda, trur eg, som meinte at det var liv laga. Delar av det var sĂ„ rote at det var store hol i tĂžmmerveggane. Det var ikkje godt nok til Ă„ bere taket td. Eg lĂžyste det med Ă„ byggje eit hus utanpĂ„ det gamle. Det gamle huset er altsĂ„ delvis inni veggane. Der tĂžmmeret var ok er dei synlege inne. Eg kjĂžpte eit lite motorsagbruk, og mest alt material til eldhuset er henta frĂ„ eigen skog og saga pĂ„ eige sagbruk. Slik kunne me produsere «etter bestilling” frĂ„ dei som var byggje-team. Eg har og reparert den store eldhusomnen, som var pĂ„ veg til Ă„ rase saman. Det virka som eit vonlaust prosjekt, men no stĂ„r huset der, og er riktig fint. Det er eit svĂŠrt viktig bygg for garden og for tunskipnaden. 

Eg har og sett opp ein grindbygd traktorgarasje med lem. Eg har bygd veg, ikkje heilt fram til tunet, men til garasjen og hyttene, der det no er ein parkeringsplass. Eg har og fÄtt lagt inn meir straum, fÄtt nytt sikringsskÄp med jordfeilbrytar og jording. Og trefaseanlegg til byggjestraum. Mykje er gjort, altsÄ.

Og no er turen kome til lĂža. Eg har avtale med Bart Leffre, som vil byggje lĂža. TĂžmmer tek me frĂ„ eigen skog. Eg har fĂ„tt teke ut dei stokkane eg treng no i vinter, og har avtalt med ein kar som har mobilt sagbruk, som kjem hit og sagar alt material me treng til lĂža. 

NĂ„r lĂža er realisert, vert siloen ledig for anna bruk, og eg har sjĂžlvsagt mange idear til ny bruk. 

Bart har alt laga teikningar og modell av lÞa, sÄ me veit no korleis det skal verte. LÞe vert bygd pÄ dei gamle murane, sÄ det nye bygget er nÞyaktig tilpassa murane.

Etter kvart som tida har gĂ„tt, er det sauene og ulla, som er den berande produksjonen i Gripen. Eg har knytt til meg gode folk, og Gripen er no vorte eit lite ull-univers, og mykje folk kjem for Ă„ oppleve dette, anten pĂ„ kurs me held, eller andre events. I Gripen er det sju rokkar, og alle er i bruk! Kurs me held er mellom anna, spinning pĂ„ handtein, spinning pĂ„ rokk, plantefarging, brikkevev, redesign, kles-reparasjon, matlaging ute, matlaging pĂ„ vedfyrte omnar, lefsebaking pĂ„ vedfyrte omnar, korleis lagebrakevegg, tjĂŠrebrenning, sjĂžlvberging og mykje meir. 

Sidan me no brukar sĂ„ mykje tid pĂ„ ull, og spesialprodukt av ull, meiner eg at det er viktig og nĂždvendig og lage produksjonslokale for dette i lĂža.   Dei funksjonane eg har planlagt i lĂža vert altsĂ„ dette: i tillegg til eit lite kufjĂžs, plass til lager av kraftfĂŽr mm, pluss rom for grisen. Dette vert i grunnetasjen, sĂžndre del. I nordre delen, som er avskilt frĂ„ dyrehaldet, treng eg eit lite rom til kjĂžt- og mjĂžlkeforedling, godkjent av Mattilsynet. Elles er denne delen av lĂža planlagt til “ull-verkstad”.

Gripen (eg) samarbeider med Bergen og omegn turistforeining, og Gripen er eit av stoppa pĂ„ den nye attraksjonen Ull-ruta, eller Wool heritage route, der Gripen er den einaste saue- og ullprodusenten. Om de vil kan de google Ull-ruta, sĂ„ de kan sjĂ„ den fine brosjyra. Eg er i eit fabelaktig selskap her, noko eg er stolt og takksam for. 

No vert eg straks godkjend som tilbydar av Norsk Þkoturisme og Gripen fÄr smykke seg med merket Hanen.

Undertida gÄr livet sin gang, jord vert fÞrebudd til vekstsesongen, frÞ spirar i kaldbenkar og inne, hÞnene legg fleire egg, og ute har vÄrens vakraste eventyr byrja, og det lamma som fÄr mest merksemd her no om dagane.