Romjula 2024 og byrjinga av januar 2025 har vore kald og vakker. Den beste vinteren er vinter med snø. Snøen lagar eit fantastisk lys. Me fekk til og med nordlys. Ein ønskedraum av ein vinter for meg, sjølv om ikkje vara så lange. Eg elskar snø. Hundane elskar snø. Sauene likar og snøen mykje betre enn regnet. Særleg når dei får masse deilig høy frå kultureng i Gripen. Livet er strålande godt for alle i Gripen når det er slik. Energinivået stig som om det skulle vore vår! I omlag to veker fekk me ha det slik. Så var det attende til regn og vind. Vinter med regn er det me er vane med, ein grå vinter med mykje gjørme. Men Å! kor eg naut vinter med snø medan det vara, og eg skal leve lenge på det!
Dei neste månadane vert det fleire kurs her i Gripen.
Først vert det kurs i lefsebaking, med hovudvekt på bruk av potet. De kan og få prøve bake på vedfyrt takke.
DOGMESTRIKK! Eller direktestrikking. Her får du lære å strikke direkte av rå ull. Kun enkel tilverking av ulla før strikking. Same teknikk kan brukast til hekling. Ulltilverking for den late!
På oppfordring planlegg eg kurs i reparasjon og vedlikehald av gamle kitta vindauge.
Så vert det kurs i å lage såper. Her vert Ida Camilla Bjørge instruktør. https://www.instagram.com/blomeogbrake/
Eg prøver og å få til eit kurs i korgfletting no i vår
I juni planlegg eg kurset, Ull, – frå sau til nøste. Kurset går over ei helg. Dag ein nappar me sauer, ser på ulla, vurderar kvalitet og sorterar.Me finn og vel ut den ulla kan me bruke til å lage garn. Førebuing til spinning; finsortering på farge, plukking av rusk, eventuelt vasking, karding. Dag to kardar me vidare og startar spinning. Det vert karding og spinning heile dagen.
Alle dagskurs har matservering, i tillegg til kaffe/te og lett kaffimat.
Er du interessert i eitt eller fleire kurs, send meg ein epost og meld di interesse. post@gripengard.no Merk med kurs i emnefeltet.
Det vert haldne mange kurs her i Gripen. Me held ulike kurs i er gamalt handverk; ofte kjend som raudlista handverk. Gripen gard er ein stor aktør i Ullveka, der me har mange kurs og andre arrangement kvart år. Døme på kurs er:
Ullhandtering og sortering
Karding
Spinning, både handtein og rokk
Plantefarging, både finne plantene, forarbeid og farging
Brikkevev
Lefsebaking
Ulike måtar å tove på
Redesign
Tørrmuring
Gjerding
Grøfting
Reparasjon av gamle vindauge
Korgmaking
Mykje meir
Om du har lyst på eit kurs, kan du sende meg ein epost, og så set eg deg på lista saman med andre som er interessert i same kurset. Er du/de interessert i eit kurs som ikkje er nemnd her, kan du kontakte meg om det, så kan eg sjå om eg kan få det til å skje likevel. Eg kan hyre inn instruktørar om eg ikkje sjølv kan faget. Kurs eg har tenkt å arrangere i fortsetjinga er td korgfletting og kipelaging.
Det er godt når ting kjem i gjenge att etter alle koronarestriksjonane. Eg hat tent meir dei to siste månadane enn dei to siste åra. Og gjestane er overstrøymande glade og nøgde. Det er eg og, endeleg aktivitet med folk og besøk! Her er eit lite døme på kva ein gjest laga etter å ha vitja Skrivestova.
Me har hatt besøk av eventyrar og reiselivspåverkar Gunnar Garfors! Gripen gard og rurale tidsreiser er presentert i hans nyeste bok «Bortom allfarveg Vestlandet.» Det er stas. Støtt Vestlandet og Gripen gard med å kjøpe boka. La dykk inspirere til å reise på Vestlandet. Ekstra stas: boka er skrive på nynorsk.
Nettstedet bruker informasjonskapsler for å forbedre opplevelsen din mens du navigerer gjennom den. Fra disse informasjonskapslene lagres de som nødvendige i nettleseren din, fordi de hjelper grunnleggende funksjoner på nettstedet til å fungere. Vi bruker også tredjeparts informasjonskapsler som hjelper oss med å analysere og forstå hvordan du bruker nettstedet. Disse informasjonskapslene blir lagret i nettleseren din bare med ditt samtykke. Du har også muligheten til å velge bort disse informasjonskapslene. Men å velge bort noen av disse informasjonskapslene kan ha en innvirkning på nettopplevelsen din.
Nødvendige informasjonskapsler er helt avgjørende for at nettstedet skal fungere ordentlig. Denne kategorien inkluderer bare informasjonskapsler som sikrer grunnleggende funksjonaliteter og sikkerhetsfunksjoner på nettstedet. Disse informasjonskapslene lagrer ingen personlig informasjon.
Informasjonskapsler som kanskje ikke er spesielt nødvendige for at nettstedet skal fungere og brukes spesifikt til å samle inn brukerens personlige data via analyser, annonser, annet innebygd innhold blir betegnet som ikke-nødvendige informasjonskapsler. Det er obligatorisk å innhente brukerens samtykke før du kjører disse informasjonskapslene på nettstedet ditt.