
Garn på individnivå. Eit ekte Gripenprodukt frå først til sist. Først har eg ala opp sauen, stelt med han , medisinert og passa på, så har eg temt og vorte ven med sauen, og vorte veldig glad i han, slik eg ikkje klarar å la vere å verte, så klart. Så har eg nappa sauen og lagt ulla i sekk med namnet til sauen på, og dato for napping. Så har eg handkarda ulla, og så spunne ulla på ein av dei fine rokkane mine. Heile vegen har sauen vore med. Eg tenkjer ofte på sauen medan eg held på, eg vert kjend med ulla til akkurat denne sauen. Merkelapp med namn og årstal følgjer med heile vegen. På lappen på sekken, kan det td stå. Inka, 2020. Lett å nappe. Nyter det. Alle sauene har sin plass i ull-kartoteket mitt. Ei lita hespe med garnprøve og ein dott med representativ ull. På merkelappen står det opplysningar om tidspunkt for napping, kor lett det var, eller om det var nødvendig å klippe litt (eg luggar dei aldri, det er vondt for dei. Sit det godt, vert det klipping, eller så ventar eg nokre veker til). Så skriv eg om sauen likar det, eller kanskje er kilen, om ulla var skiten, om det td var tova i nakken, om det var dyrehår, stor forskjell på tog og tel, mm. Av og til kan det stå slikt som: Lucie ville ikkje vere ferdig, og lura seg inn i køa for ein ny omgang. Eller: dette var ei skikkeleg kosestund. Eller: Iris likar det ikkje, ho er så kilen. Då gjeld det å gjere det så fort og forsiktig som muleg, og ikkje vere så nøye, resten ramlar av til slutt uansett. Min ven Didrik likar verkeleg ikkje å verte nappa, så då ventar eg så lenge som muleg, slik at det sit veldig laust. Det virkar som han synest det er lite ærerikt å verte nappa, så me treng ikkje å ha publikum, tenkjer eg. Så gøymer me oss ein stad, han og eg, og får det gjort. Å hildrande du, kor eg elskar desse sauene mine!

På grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til å vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesøkfronten. MEN, me står no på likevel, med noko færre deltakarar enn vanleg. Noko som faktisk kan auke utbytet av kursa for den einskilde deltakar, som kan få endå meir hjelp av oss som held kurset.
Det første kurset er plantefarging med den fantastisk flinke Sascha Camilla Gade frå Vaid plantefargeri. Tenk at ho faktsik skal halde kurs i Gripen, og har lyst til akkurat det! Ein typisk vinnvinnsituasjon. 🙂 Det vert to kurs med Sascha, eit 12. september, og eit i Ullveka, den 25. oktober. For kurset i Ullveka, sjå link lengre ned. For påmelding til kurset 12. september, meld deg på her: https://vaid-no.myshopify.com/collections/nyheter/products/kopi-av-1-dags-plantefargingskurs-15-august-1

Så vert det tre spinnekurs i Ullveka. Vigdis Valde er hovudkurshaldar og spinneproff, eg er hjelpar, reparatør og tilretteleggjar. (spinoff assistent) To av kursa har fokus på rokken som helst skal vere din ven for livet. I eit av kursa får rokken mykje merksemd. Har du ein rokk du er usikker på om virkar som han skal , har du kanskje ikkje prøvd han, eller ikkje fått til noko godt kompaniskap med han, kan du og rokken kome hit, og så finn me ut kva som er gale. Det kan både vere teknikken, eller rokken, – eller begge deler. Ikkje fortvil, me hjelper deg. Og er rokken ikkje i stand til å gi deg det du treng, har me rokkar her du kan sjå om du likar betre. Det andre kurset er det meir fokus på teknikk, men ein rokk som fungerar frå starten.





I det tredje spinnekurset ser me nærmare på det eintråda garnet. Den einsame tråden. Den eine tråden som åleine må ha alt eit garn treng for å vere brukande. Han må vere sterk nok gjennom heile nøstet, elles vert det hol i strikkinga. Dette skal me studere og spekulere kring. Det kjem til å verte skikkeleg fint, trur eg. Eg får nesten lyst til å skrive eit dikt til den eineståande tråden. Kanskje me kan gjere det saman på kurset.


Meld deg på kurs via Deltager.no, søk på Ullveka 2020, og finn kursa der. Kanskje er det noko anna spennande andre stadar som og fristar og? Uansett vert me veldig glade om du kjem på kurs og er saman med oss i Gripen. https://www.deltager.no/participant/search.aspx?s=ullveka%202020


Etter at gutta, Bart og Ben, har vore i nord nokre veker, er dei attende i Gripen, og løa fortset å reise seg. No er det sperr som kjem opp. Undertida vert det saga material. Det er ekstra tilfredstillande når materiala kjem frå eigen skog, sage her i Gripen. Kjell Hølleland lagar fine beine fjøler på den mobile saga si.












Når ein kjøpe rokk usett, fordi ein har vorte forført av kor vakker han er, då kan det føre til litt trøbbel… Denne rokken er gråtevakker, men såpass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg må no prøve i alle fall.







Når eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer på dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som åtte denne skatten. På den første eigaren som sikkert fekk denne rokken i gåve frå ein kjær person, kanskje ein kjærast. Ei trulovingsgåve, kanskje? Eg tenkjer på gleda som måtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett å bruke, og fin tråd kunne spinnast på han.




Som de ser er det mykje hol etter mit, og då kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg må jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje får me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne tråd.


Kvart år arrangerar Meland frivillighetssentral sommarskule for ungar som har sommarferie. I dag var det tredje gongen dei besøkte oss i Gripen. 4 damer frå husflidslaget var med, og dei hadde spinneutstyr, ull, garn til band og fletting med seg. Dei baka og stompekake, som er forunderleg gode. Minigrisen Nelly elskar stompekake og gjer alle dei triksa ho kan for å få smake. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad var også med heile dagen, og det er det klart me er stolte og glade for.






I tillegg til aktivitetane til husflidslaget, fekk ungane mellom anna vere med på greier som å kappkøyre med mjølkekjerre, lage barkebåtar, klatre i “Nordhordlands største rododendron”, gi flaske til kopplammet, lage paddeterrarium, ro på Storavatnet, plukke vassliljer, kose med hundane og snakke med Nelly og sauene og sjå på alt me har her i Gripen. Vêret heldt seg bra heile tida, sjølv om regnet sto klart frå morgonen. Det er kjekt å sjå små henderi aktivitet med gamalt handverk. Nokon av dei klarte å lage tråd både på handtein og på rokken.
Takk alle som var med, for ein strålande dag.
Onsdag 24. juni 2020 vart ein fantastisk fin dag. Veldig mange hadde funne vegen til Gripen denne dagen, og me fekk god øving i å lage mat til omlag 60 personar. Ei god førebuing til endå meir økoturisme/gardsturisme.


Fylkesmann for Vestland, Lars Sponheim, prioriterte å besøke oss denne dagen, og sto for ovverrekkinga av sertifikatet for økoturisme. Han haldt ein tale, der han mellom anna sa at me treng slikt landbruk som me driv med i Gripen.
Me skal ikkje berre mette magane, men og sinna, samstundes som me tek var på kunnskapen om korleis det er å vere eit lita bruk på vestlandet. Og no er me også økosertifiserte tilbydarar av gardsturisme.






Takk til alle som tok turen og var med på å gjere dagen til ein fest! Takk for milde gåver, og takk for støtte og hjelp frå den store og utvida Gripenfamilien. Og takk til jentene og gutane mine her i Gripen, og spesielt til min eigen snusmumrik.


Sertifikatet for økoturisme er kome opp på veggen i kjøkenet, og hanen-skiltet prydar mjølkerampen. Me er glade og takksame.


Gripen gard og rurale tidsreiser er godkjend som tilbydar av Norsk Økoturisme, og Onsdag 24. juni 2020 kjem fylkesmann Lars Sponheim til Gripen for å overrekke sertifikatet. Det vert ein merkedag. Ca 50 gjestar er påmeldte og i Gripen styrar me på og førebur oss. Me planlegg mellom anna lunsj til alle folka som kjem. Det vert sjølvsagt basert på noko som er produsert i Gripen.
Det er ikkje kvar dag me får besøk av korkje fylkesmann eller Lars Sponheim, og på onsdag vert det beggje delar. Slåtten har byrja for fullt og dette vert eit lite avbrekk i slåtten




Våren er kome for fullt. I dag kom lam nr 29 etter ein liten pause i lamminga. Det er Bjørg som har lamma no i dag tidleg. Marris er far, og eg er stolt av alle tre. Lammet er 2.2 kg, viltfarga brunt, og eit riktig vakkert lam. Det er ei søye, førebels utan namn, me må alltid tenkte litt og finne rett namn. Av og til berre skjer det, nokre gonger går det dagar før me har funne rett namn. Av og til er det utomværingar (folk som ikkje er frå Gripen gard) som gir dei namn.
Av og til kan det verte ganske vittig. Eg har tre sauer her, som er oppkalla etter far til son min sine nye svigerforeldre og hunden deira. Så her i Gripen finst både Jane, Cato og Zanto. Dei har fått følgje med lamma og vore spent på korleis det går med dei. Dei har til og med vore her og helst på dei. I alle fall på gutta boys. Jane var ikkje heime då dei var her. Tilfeldigvis har dei utvikla seg så fint at eg har dei alle framleis, dei to gutane er utfordrarar til Gripavêr-stallen. Sommaren vil syne kva det vert til. Dei er i alle fall tamme og elskelege, og har super ull. Det med ulla er kjempeviktig, både her i Gripen, og i Nordhordland. Eg likar å tenkje at me er eit viktig ull-distrikt. På veg til å verte, i alle fall…