Skip to main content
Monthly Archives

July 2020

Reparasjon av gammel gråtevakker skranglerokk.

Av Ull og slikt, Verkstaden2 kommentar

Når ein kjøpe rokk usett, fordi ein har vorte forført av kor vakker han er, då kan det føre til litt trøbbel… Denne rokken er gråtevakker, men såpass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg må no prøve i alle fall.

Det er ein snelle med, og ingen av snellene eg har frå før, passar. Stålet i flygaren er for tjukt. Alt sto i sju steinar, men etter rens og oljing, og nokre tilpassingar, snurrar snella fint.
Trist at miten har fått boltre seg litt for mykje. Men sjå på den nydelege karveskurden! Lurar på kva namna bak initialane er…

Når eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer på dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som åtte denne skatten. På den første eigaren som sikkert fekk denne rokken i gåve frå ein kjær person, kanskje ein kjærast. Ei trulovingsgåve, kanskje? Eg tenkjer på gleda som måtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett å bruke, og fin tråd kunne spinnast på han.

Det er mykje som er annleis med denne rokken. Td så sprikar han mykje meir enn vanleg med føtene. Så er det innfestinga til fotpedalen som er sat i rokken på ei side, og fast i rokken på andre sida. Vanlegvis er stålet festa i begge endane av pedalkvilaren, så no får me prøve noko anna. Det viktige er at det glir godt i begge endar, så det må eg jo fikse på eit vis.

Som de ser er det mykje hol etter mit, og då kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg må jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje får me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne tråd.

Sommarskule i Gripen!

Av Gardbesøk og events, Gardsbesøk, Hending, KalenderIngen kommentar

Kvart år arrangerar Meland frivillighetssentral sommarskule for ungar som har sommarferie. I dag var det tredje gongen dei besøkte oss i Gripen. 4 damer frå husflidslaget var med, og dei hadde spinneutstyr, ull, garn til band og fletting med seg. Dei baka og stompekake, som er forunderleg gode. Minigrisen Nelly elskar stompekake og gjer alle dei triksa ho kan for å få smake. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad var også med heile dagen, og det er det klart me er stolte og glade for.

Ordførar Sara bakar stompekaker.
Nelly, den gigantiske minigrisen elsker sommarskule. Det vert alltid mykje godsaker. Sjølv om ho er ganske sur, så likar ho ungane, i alle fall mykje betre enn vaksne. Men aller mest elskar Nelly Mamsen (WCM Helene Olli). Og så stompekake då.
Slik gjer me det i Gripen. Vedfyrt steiketakke. Stopmekakene vert ekstra gode på dette viset.

I tillegg til aktivitetane til husflidslaget, fekk ungane mellom anna vere med på greier som å kappkøyre med mjølkekjerre, lage barkebåtar, klatre i “Nordhordlands største rododendron”, gi flaske til kopplammet, lage paddeterrarium, ro på Storavatnet, plukke vassliljer, kose med hundane og snakke med Nelly og sauene og sjå på alt me har her i Gripen. Vêret heldt seg bra heile tida, sjølv om regnet sto klart frå morgonen. Det er kjekt å sjå små henderi aktivitet med gamalt handverk. Nokon av dei klarte å lage tråd både på handtein og på rokken.

Takk alle som var med, for ein strålande dag.

Økoturisme-sertifisert på Gripen Gard!

Av UkategorisertIngen kommentar

Onsdag 24. juni 2020 vart ein fantastisk fin dag. Veldig mange hadde funne vegen til Gripen denne dagen, og me fekk god øving i å lage mat til omlag 60 personar. Ei god førebuing til endå meir økoturisme/gardsturisme.

økoturisme

Fylkesmann for Vestland, Lars Sponheim, prioriterte å besøke oss denne dagen, og sto for ovverrekkinga av sertifikatet for økoturisme. Han haldt ein tale, der han mellom anna sa at me treng slikt landbruk som me driv med i Gripen.

Me skal ikkje berre mette magane, men og sinna, samstundes som me tek var på kunnskapen om korleis det er å vere eit lita bruk på vestlandet. Og no er me også økosertifiserte tilbydarar av gardsturisme.

økoturisme
Fylkesmann Lars Sponheim og bonden
økoturisme
Det vart mange talar, og mange gåver, og det heile var ganske eventyrleg. Det var spesielt stas å få tale, gåve og dikt frå Karsten Valland iog Innovasjon Norge.
økoturisme

Takk til alle som tok turen og var med på å gjere dagen til ein fest! Takk for milde gåver, og takk for støtte og hjelp frå den store og utvida Gripenfamilien. Og takk til jentene og gutane mine her i Gripen, og spesielt til min eigen snusmumrik.

økoturisme
Gripajenter.

Sertifikatet for økoturisme er kome opp på veggen i kjøkenet, og hanen-skiltet prydar mjølkerampen. Me er glade og takksame.

Velkomne til gardsturisme i Gripen.