Garn pÄ individnivÄ. Eit ekte Gripenprodukt frÄ fÞrst til sist. FÞrst har eg ala opp sauen, stelt med han , medisinert og passa pÄ, sÄ har eg temt og vorte ven med sauen, og vorte veldig glad i han, slik eg ikkje klarar Ä la vere Ä verte, sÄ klart. SÄ har eg nappa sauen og lagt ulla i sekk med namnet til sauen pÄ, og dato for napping. SÄ har eg handkarda ulla, og sÄ spunne ulla pÄ ein av dei fine rokkane mine. Heile vegen har sauen vore med. Eg tenkjer ofte pÄ sauen medan eg held pÄ, eg vert kjend med ulla til akkurat denne sauen. Merkelapp med namn og Ärstal fÞlgjer med heile vegen. PÄ lappen pÄ sekken, kan det td stÄ. Inka, 2020. Lett Ä nappe. Nyter det. Alle sauene har sin plass i ull-kartoteket mitt. Ei lita hespe med garnprÞve og ein dott med representativ ull. PÄ merkelappen stÄr det opplysningar om tidspunkt for napping, kor lett det var, eller om det var nÞdvendig Ä klippe litt (eg luggar dei aldri, det er vondt for dei. Sit det godt, vert det klipping, eller sÄ ventar eg nokre veker til). SÄ skriv eg om sauen likar det, eller kanskje er kilen, om ulla var skiten, om det td var tova i nakken, om det var dyrehÄr, stor forskjell pÄ tog og tel, mm. Av og til kan det stÄ slikt som: Lucie ville ikkje vere ferdig, og lura seg inn i kÞa for ein ny omgang. Eller: dette var ei skikkeleg kosestund. Eller: Iris likar det ikkje, ho er sÄ kilen. DÄ gjeld det Ä gjere det sÄ fort og forsiktig som muleg, og ikkje vere sÄ nÞye, resten ramlar av til slutt uansett. Min ven Didrik likar verkeleg ikkje Ä verte nappa, sÄ dÄ ventar eg sÄ lenge som muleg, slik at det sit veldig laust. Det virkar som han synest det er lite Êrerikt Ä verte nappa, sÄ me treng ikkje Ä ha publikum, tenkjer eg. SÄ gÞymer me oss ein stad, han og eg, og fÄr det gjort. à hildrande du, kor eg elskar desse sauene mine!
PÄ grunn av f#&%**# korona, har det vore, er og kjem til Ä vere ei stund til, litt mindre aktivitet med kurs/event/gardsbesÞkfronten. MEN, me stÄr no pÄ likevel, med noko fÊrre deltakarar enn vanleg. Noko som faktisk kan auke utbytet av kursa for den einskilde deltakar, som kan fÄ endÄ meir hjelp av oss som held kurset.
Det fĂžrste kurset er plantefarging med den fantastisk flinke Sascha Camilla Gade frĂ„ Vaid plantefargeri. Tenk at ho faktsik skal halde kurs i Gripen, og har lyst til akkurat det! Ein typisk vinnvinnsituasjon. đ Det vert to kurs med Sascha, eit 12. september, og eit i Ullveka, den 25. oktober. For kurset i Ullveka, sjĂ„ link lengre ned. For pĂ„melding til kurset 12. september, meld deg pĂ„ her: https://vaid-no.myshopify.com/collections/nyheter/products/kopi-av-1-dags-plantefargingskurs-15-august-1
Nydelege fargar, bÄde naturfargar, og slike som sparkar ( alle er basert pÄ plantefarging)
SĂ„ vert det tre spinnekurs i Ullveka. Vigdis Valde er hovudkurshaldar og spinneproff, eg er hjelpar, reparatĂžr og tilretteleggjar. (spinoff assistent) To av kursa har fokus pĂ„ rokken som helst skal vere din ven for livet. I eit av kursa fĂ„r rokken mykje merksemd. Har du ein rokk du er usikker pĂ„ om virkar som han skal , har du kanskje ikkje prĂžvd han, eller ikkje fĂ„tt til noko godt kompaniskap med han, kan du og rokken kome hit, og sĂ„ finn me ut kva som er gale. Det kan bĂ„de vere teknikken, eller rokken, – eller begge deler. Ikkje fortvil, me hjelper deg. Og er rokken ikkje i stand til Ă„ gi deg det du treng, har me rokkar her du kan sjĂ„ om du likar betre. Det andre kurset er det meir fokus pĂ„ teknikk, men ein rokk som fungerar frĂ„ starten.
Denne nydelege rokken er frĂ„ Telemark, og har karveskurd og Ă„rstal og initialar. Men for ein mitete skranglerokk! Eg tenkte kanskje har var heilt utanfĂžre redning, men med liming, nye delar, pussing, tuning og smĂžring, malar bĂ„de han og eg. Vener! Pass forresten pĂ„ Ă„ ikkje bruke noko anna enn den finaste olje til rokken din, som den beste symaskinolje. FĂžr brukte dei hĂžnsefeitt, sĂ„ om ikkje lenge sĂ„ kjem eg nok til Ă„ koke ei hĂžne…eller meir truleg ein ufordrageleg hane.To hesper med garn spunne med Sara SuperullSaraull. Ei hespe med dekkhĂ„r, og ei nestan utan. SĂ„ ubegripeleg mjukt. Gamle sĂžya mi. <3
I det tredje spinnekurset ser me nÊrmare pÄ det eintrÄda garnet. Den einsame trÄden. Den eine trÄden som Äleine mÄ ha alt eit garn treng for Ä vere brukande. Han mÄ vere sterk nok gjennom heile nÞstet, elles vert det hol i strikkinga. Dette skal me studere og spekulere kring. Det kjem til Ä verte skikkeleg fint, trur eg. Eg fÄr nesten lyst til Ä skrive eit dikt til den einestÄande trÄden. Kanskje me kan gjere det saman pÄ kurset.
EintrĂ„da garn. Noko sterkt, og noko sĂ„ mjukt at eg kunne skrĂžte pĂ„ meg kashmirgeiter…
Meld deg pÄ kurs via Deltager.no, sÞk pÄ Ullveka 2020, og finn kursa der. Kanskje er det noko anna spennande andre stadar som og fristar og? Uansett vert me veldig glade om du kjem pÄ kurs og er saman med oss i Gripen. https://www.deltager.no/participant/search.aspx?s=ullveka%202020
Flokkleiar Lilly Ăžnsker alle velkomne til kurs i Gripen. “Det er viktig at folk lĂŠrer om ull”, seier ho i ei pressemelding til Gripengard.no. Som talsau for Gripaflokken vil ho gjere det klĂ„rt at det er viktig at sĂ„ mange som muleg tek pĂ„ seg ei oppdragande rolle for Ă„ fĂ„ folk til Ă„ sjĂ„ kor myklje den gamalnorske sauen har Ă„ bidra med, Ho seier vidare at ulla til villsauen lenge har hatt eit ufortent dĂ„rleg rykte. Det er pĂ„ hĂžg tid at ulla frĂ„ den gamalnorske sauen vert teke pĂ„ alvor, seier ho. Det er elles viktig at folk skjĂžnar at ogsĂ„ sĂžyer kan ha horn, og at at i saueflokkar er det alltid ei sĂžye som er sjef. Det er alltid sĂ„ mykje styr og vesen med desse vĂȘrane, avsluttar ho med eit glimt i auga, og humrar litt.
NĂ„r ein kjĂžpe rokk usett, fordi ein har vorte forfĂžrt av kor vakker han er, dĂ„ kan det fĂžre til litt trĂžbbel… Denne rokken er grĂ„tevakker, men sĂ„pass miteten og skranglen, at eg er ikkje alt for optimistsik. Men eg mĂ„ no prĂžve i alle fall.
Det er ein snelle med, og ingen av snellene eg har frĂ„ fĂžr, passar. StĂ„let i flygaren er for tjukt. Alt sto i sju steinar, men etter rens og oljing, og nokre tilpassingar, snurrar snella fint. Trist at miten har fĂ„tt boltre seg litt for mykje. Men sjĂ„ pĂ„ den nydelege karveskurden! Lurar pĂ„ kva namna bak initialane er…
NÄr eg sit med ein slik gamal bruksgjenstand i hendene, vert det til at eg tenkjer pÄ dei menneska, ein gong for fleire liv sidan, som Ätte denne skatten. PÄ den fÞrste eigaren som sikkert fekk denne rokken i gÄve frÄ ein kjÊr person, kanskje ein kjÊrast. Ei trulovingsgÄve, kanskje? Eg tenkjer pÄ gleda som mÄtte ha vore der. Vonleg var det ein god rokk den gongen, slik at han var lett Ä bruke, og fin trÄd kunne spinnast pÄ han.
Det er mykje som er annleis med denne rokken. Td sÄ sprikar han mykje meir enn vanleg med fÞtene. SÄ er det innfestinga til fotpedalen som er sat i rokken pÄ ei side, og fast i rokken pÄ andre sida. Vanlegvis er stÄlet festa i begge endane av pedalkvilaren, sÄ no fÄr me prÞve noko anna. Det viktige er at det glir godt i begge endar, sÄ det mÄ eg jo fikse pÄ eit vis.
Som de ser er det mykje hol etter mit, og dÄ kan han jo verte litt svak i kroppen, men eg mÄ jo berre gi denne vakre tingen ein ny sjanse, kanskje fÄr me han i bruk att, slik at han kan gjere det han skal, spinne trÄd.
VĂ„ren er kome for fullt. I dag kom lam nr 29 etter ein liten pause i lamminga. Det er BjĂžrg som har lamma no i dag tidleg. Marris er far, og eg er stolt av alle tre. Lammet er 2.2 kg, viltfarga brunt, og eit riktig vakkert lam. Det er ei sĂžye, fĂžrebels utan namn, me mĂ„ alltid tenkte litt og finne rett namn. Av og til berre skjer det, nokre gonger gĂ„r det dagar fĂžr me har funne rett namn. Av og til er det utomvĂŠringar (folk som ikkje er frĂ„ Gripen gard) som gir dei namn. Av og til kan det verte ganske vittig. Eg har tre sauer her, som er oppkalla etter far til son min sine nye svigerforeldre og hunden deira. SĂ„ her i Gripen finst bĂ„de Jane, Cato og Zanto. Dei har fĂ„tt fĂžlgje med lamma og vore spent pĂ„ korleis det gĂ„r med dei. Dei har til og med vore her og helst pĂ„ dei. I alle fall pĂ„ gutta boys. Jane var ikkje heime dĂ„ dei var her. Tilfeldigvis har dei utvikla seg sĂ„ fint at eg har dei alle framleis, dei to gutane er utfordrarar til GripavĂȘr-stallen. Sommaren vil syne kva det vert til. Dei er i alle fall tamme og elskelege, og har super ull. Det med ulla er kjempeviktig, bĂ„de her i Gripen, og i Nordhordland. Eg likar Ă„ tenkje at me er eit viktig ull-distrikt. PĂ„ veg til Ă„ verte, i alle fallâŠ
Gripen treng driftsbygning! Den gamle lÞa hadde rasa saman pÄ murane dÄ eg overtok garden i 2012.. Natursteinsmurane er no reve ned og bygd oppatt og er klare for reising av ny grindlÞe. LÞa skal ha plass til ca 4 kyr, sida trÞnderfe eller liknande eldre norsk buferase. Det skal og vere rom for stort hÞy-lager pÄ lemen. Eg produserer alt hÞyet dyra mine treng her pÄ garden, men manglar skikkeleg lager. No brukar eg ein stor gamal tresilo til hÞy (har gjort tiltak for at det skal fungere, og har bygd hÞy-tÞrke). SÄ treng eg produksjonslokale til produksjon av mysost og smÞr. Eg treng og rom til foredling av sauekjÞt. Eg sender ca 25 sauer/lam til slakt kvart Är, og tek alt kjÞt i retur for direktesal. Eg lagar pinnekjÞt og fena-lÄr. Alt vert seld til god pris. Eg har lang strandlinje til Storavatnet, det det no er svÊrt godt fiske, bÄde aure og rÞye. Eg vil gjerne utnytte denne ressursen og treng difor rom til foredling av ferskvassfisk. Eg held ein del kurs og andre arrangement pÄ garden, og det hadde vore praktisk med eit rom eg kunne bruke til undervisning, kurs, servering og mÞter. Produksjonen er no Debiogodkjend, og vert straks godkjend som Inn pÄ tunet-tilbydar. Ventar revisjon i vÄr. Eg treng og rom til ein liten gardsbutikk. I tillegg til sauekjÞt sel eg andre produkt frÄ garden, som jordskokkar, sopp, forskjellig syltetÞy og marmelade, hasselnÞtter, egg, skinn og ull-produkt. For tida vert det produsert veldig eksklusivt handkarda og handspunne garn frÄ sauene i Gripen. Etterkvart vert det og sal av honning, har ei heilt fersk birÞkt. Eg lagar og ein del produkt som spik (tyristikker), og rustikke mÞblar og lamper.
Kos og flÄttplukking
Sidan gardsdrifta er lita, slik det er vanleg pĂ„ smĂ„ Vestlandsgardar, mĂ„ eg drive med mykje forskjellig for Ă„ tene nok pengar. Eg arbeider berre heime pĂ„ garden, og vil ikkje ha noko arbeid utanom. Eg tek imot mĂžblar, vindauge dĂžrer ol for restaurering, men eg tek minimalt av jobb eg ikkje kan gjere heime. Gripen har to smĂ„ utleigehytter som er ferdig innreidd, og vert leigd ut. Eg har ei lita Ăžy i Storavatnet der er har sett opp ein stor solid lavvo, som har solid tregolv, og er fint mĂžblert, med vedomn, feltsenger og store gamle kister og det som trengs for Ă„ bu der. Ăya vert leigd ut med robĂ„t, flytevestar og fiskegarn. PĂ„ litt sikt vil eg byggje tretopphytter ved den verneverdige urskogen pĂ„ garden. Ein stor del av skogen i Gripen er no freda gjennom frivillig skogvern, naturreservatet Gripakletten.
Sidan eg overtok garden har eg sett opp meir enn 4 km nytt gjerde, og fĂ„tt innmark og utmark pĂ„ stell. No i dag har eg pluss minus 70 vinterfĂŽra sauer/vĂȘrar, ein gris og hĂžns. Eg driv med utleige av avlsvĂȘrar, sĂ„ eg har alltid omlag ti vaksne vĂȘrar, av fleire ulike linjer i utleigestallen. DĂ„ eg kom var alle hus i sterkt forfall, lĂža var rasa heilt saman. Eg har restaurert bustadhus, bygd kjĂžken og bad. Eg har restaurert smia. Neste byggjetrinn vert Ă„ restaurere sjĂžlve smieavlen og fĂ„ smia i brukbar stand. DĂ„ kan me produsere enkle bygningsdetaljar der, som krampar, krokar, hengsle mm. Mykje av det gamle utstyret har eg funne att i alt rotet som var her dĂ„ eg overtok. Eldhuset frĂ„ 1500 var i forferdeleg dĂ„rleg tilstand. Det var berre eg i heile verda, trur eg, som meinte at det var liv laga. Delar av det var sĂ„ rote at det var store hol i tĂžmmerveggane. Det var ikkje godt nok til Ă„ bere taket td. Eg lĂžyste det med Ă„ byggje eit hus utanpĂ„ det gamle. Det gamle huset er altsĂ„ delvis inni veggane. Der tĂžmmeret var ok er dei synlege inne. Eg kjĂžpte eit lite motorsagbruk, og mest alt material til eldhuset er henta frĂ„ eigen skog og saga pĂ„ eige sagbruk. Slik kunne me produsere «etter bestilling” frĂ„ dei som var byggje-team. Eg har og reparert den store eldhusomnen, som var pĂ„ veg til Ă„ rase saman. Det virka som eit vonlaust prosjekt, men no stĂ„r huset der, og er riktig fint. Det er eit svĂŠrt viktig bygg for garden og for tunskipnaden.
Eg har og sett opp ein grindbygd traktorgarasje med lem. Eg har bygd veg, ikkje heilt fram til tunet, men til garasjen og hyttene, der det no er ein parkeringsplass. Eg har og fÄtt lagt inn meir straum, fÄtt nytt sikringsskÄp med jordfeilbrytar og jording. Og trefaseanlegg til byggjestraum. Mykje er gjort, altsÄ.
Og no er turen kome til lÞa. Eg har avtale med Bart Leffre, som vil byggje lÞa. TÞmmer tek me frÄ eigen skog. Eg har fÄtt teke ut dei stokkane eg treng no i vinter, og har avtalt med ein kar som har mobilt sagbruk, som kjem hit og sagar alt material me treng til lÞa.
NĂ„r lĂža er realisert, vert siloen ledig for anna bruk, og eg har sjĂžlvsagt mange idear til ny bruk.
Bart har alt laga teikningar og modell av lÞa, sÄ me veit no korleis det skal verte. LÞe vert bygd pÄ dei gamle murane, sÄ det nye bygget er nÞyaktig tilpassa murane.
Etter kvart som tida har gÄtt, er det sauene og ulla, som er den berande produksjonen i Gripen. Eg har knytt til meg gode folk, og Gripen er no vorte eit lite ull-univers, og mykje folk kjem for Ä oppleve dette, anten pÄ kurs me held, eller andre events. I Gripen er det sju rokkar, og alle er i bruk! Kurs me held er mellom anna, spinning pÄ handtein, spinning pÄ rokk, plantefarging, brikkevev, redesign, kles-reparasjon, matlaging ute, matlaging pÄ vedfyrte omnar, lefsebaking pÄ vedfyrte omnar, korleis lagebrakevegg, tjÊrebrenning, sjÞlvberging og mykje meir.
Sidan me no brukar sĂ„ mykje tid pĂ„ ull, og spesialprodukt av ull, meiner eg at det er viktig og nĂždvendig og lage produksjonslokale for dette i lĂža. Dei funksjonane eg har planlagt i lĂža vert altsĂ„ dette: i tillegg til eit lite kufjĂžs, plass til lager av kraftfĂŽr mm, pluss rom for grisen. Dette vert i grunnetasjen, sĂžndre del. I nordre delen, som er avskilt frĂ„ dyrehaldet, treng eg eit lite rom til kjĂžt- og mjĂžlkeforedling, godkjent av Mattilsynet. Elles er denne delen av lĂža planlagt til “ull-verkstad”.
Gripen (eg) samarbeider med Bergen og omegn turistforeining, og Gripen er eit av stoppa pÄ den nye attraksjonen Ull-ruta, eller Wool heritage route, der Gripen er den einaste saue- og ullprodusenten. Om de vil kan de google Ull-ruta, sÄ de kan sjÄ den fine brosjyra. Eg er i eit fabelaktig selskap her, noko eg er stolt og takksam for.
No vert eg straks godkjend som tilbydar av Norsk Þkoturisme og Gripen fÄr smykke seg med merket Hanen.
Undertida gÄr livet sin gang, jord vert fÞrebudd til vekstsesongen, frÞ spirar i kaldbenkar og inne, hÞnene legg fleire egg, og ute har vÄrens vakraste eventyr byrja, og det lamma som fÄr mest merksemd her no om dagane.
Nettstedet bruker informasjonskapsler for Ä forbedre opplevelsen din mens du navigerer gjennom den. Fra disse informasjonskapslene lagres de som nÞdvendige i nettleseren din, fordi de hjelper grunnleggende funksjoner pÄ nettstedet til Ä fungere. Vi bruker ogsÄ tredjeparts informasjonskapsler som hjelper oss med Ä analysere og forstÄ hvordan du bruker nettstedet. Disse informasjonskapslene blir lagret i nettleseren din bare med ditt samtykke. Du har ogsÄ muligheten til Ä velge bort disse informasjonskapslene. Men Ä velge bort noen av disse informasjonskapslene kan ha en innvirkning pÄ nettopplevelsen din.
NÞdvendige informasjonskapsler er helt avgjÞrende for at nettstedet skal fungere ordentlig. Denne kategorien inkluderer bare informasjonskapsler som sikrer grunnleggende funksjonaliteter og sikkerhetsfunksjoner pÄ nettstedet. Disse informasjonskapslene lagrer ingen personlig informasjon.
Informasjonskapsler som kanskje ikke er spesielt nÞdvendige for at nettstedet skal fungere og brukes spesifikt til Ä samle inn brukerens personlige data via analyser, annonser, annet innebygd innhold blir betegnet som ikke-nÞdvendige informasjonskapsler. Det er obligatorisk Ä innhente brukerens samtykke fÞr du kjÞrer disse informasjonskapslene pÄ nettstedet ditt.