Skip to main content

Dogmestrikk

Av Kurs, Sauen, Ull og slikt, Workshop Ingen kommentar

Det er etterkvart interesse for dogmestrikk. ( eg anar ikkje kvifor det heiter dogmestrikk, men dette henta eg frå nynorskordboka: Ordet dogma kjem av  gresk dogma ‘meining’, av dokein ‘meine’;Døme: kyrkjeleg læresetning, og: oppfatning som ein (utan prov eller grunngjeving) går ut frå er sann. Døme: politiske dogme. Dette gir jo ikkje heilt mening, men uansett; når du “dogmestrikkar” , strikkar du direkte frå rå ull som ikkje er karda eller spunne først. Eg har prøvd meg litt fram, og det som eg spesielt merkar meg, er at resultatet vert veldig mjukt. Det er jo interessant. Det vert lett litt klumpar, og arbeidet vert litt boblete, men også artig og interessant. Det kjem jo litt an på ulla du brukar, di meir tova og ujamn ho er, di meir boblete resultat. Det er fint om det er passeleg med lanolin, lanolinet gjer at fibrane heng betre saman. Sidan det ikkje vert noko tvinn på ulla som vert strikka, vert det som nemnd over veldig mjukt. Eg tenkjer med ein gong på at denne måten å lage plagg på, passar til kroppsnære plagg. Difor vil eg prøve meg på hals og huve. Eg starta med ein prøvelapp, som de kan sjå under. Ulla er frå Vete Rosadotter, som går rett utanføre og er ein veldig fin og snill sau Ho har ikkje den aller mjukaste ulla, men når eg brukte ulla slik, vart resultatet veldig mjukt likevel. Interessant! Dette er Vete Rosadotter:

Om nokon har lyst å dogmestrikke med meg her i Gripen, send meg ein epost, og så samlar me oss i ein gjeng. Eg har ull til alle, men ta med strikkepinnar, så de kan ta strikkinga med heim etterpå utan å dra pinnane ut. Pinnestorleik 3-6 passar best. Så kan me prate og drikke te eller noko samstundes. Det går såpass fort, at ein nesten kan verte ferdig med noko på ein kveld. Kom igjen då! Kom og dogmestrikk! (så kan me finne eit betre namn medan me strikkar)

Vinter i Gripen

Av Sauen, Ukategorisert Ingen kommentar

Romjula 2024 og byrjinga av januar 2025 har vore kald og vakker. Den beste vinteren er vinter med snø. Snøen lagar eit fantastisk lys. Me fekk til og med nordlys. Ein ønskedraum av ein vinter for meg, sjølv om ikkje vara så lange. Eg elskar snø. Hundane elskar snø. Sauene likar og snøen mykje betre enn regnet. Særleg når dei får masse deilig høy frå kultureng i Gripen. Livet er strålande godt for alle i Gripen når det er slik. Energinivået stig som om det skulle vore vår! I omlag to veker fekk me ha det slik. Så var det attende til regn og vind. Vinter med regn er det me er vane med, ein grå vinter med mykje gjørme. Men Å! kor eg naut vinter med snø medan det vara, og eg skal leve lenge på det!

Planlagde kurs!

Av Ukategorisert Ingen kommentar

Dei neste månadane vert det fleire kurs her i Gripen.

Først vert det kurs i lefsebaking, med hovudvekt på bruk av potet. De kan og få prøve bake på vedfyrt takke.

DOGMESTRIKK! Eller direktestrikking. Her får du lære å strikke direkte av rå ull. Kun enkel tilverking av ulla før strikking. Same teknikk kan brukast til hekling. Ulltilverking for den late!

På oppfordring planlegg eg kurs i reparasjon og vedlikehald av gamle kitta vindauge.

Så vert det kurs i å lage såper. Her vert Ida Camilla Bjørge instruktør. https://www.instagram.com/blomeogbrake/

Eg prøver og å få til eit kurs i korgfletting no i vår

I juni planlegg eg kurset, Ull, – frå sau til nøste. Kurset går over ei helg. Dag ein nappar me sauer, ser på ulla, vurderar kvalitet og sorterar.Me finn og vel ut den ulla kan me bruke til å lage garn. Førebuing til spinning; finsortering på farge, plukking av rusk, eventuelt vasking, karding. Dag to kardar me vidare og startar spinning. Det vert karding og spinning heile dagen.

Alle dagskurs har matservering, i tillegg til kaffe/te og lett kaffimat.

Er du interessert i eitt eller fleire kurs, send meg ein epost og meld di interesse. post@gripengard.no Merk med kurs i emnefeltet.

Kurs

Av Ukategorisert Ingen kommentar

Det vert haldne mange kurs her i Gripen. Me held ulike kurs i er gamalt handverk; ofte kjend som raudlista handverk.  Gripen gard er ein stor aktør i Ullveka, der me har mange kurs og andre arrangement kvart år. Døme på kurs er:

  • Ullhandtering og sortering
  • Karding
  • Spinning, både handtein og rokk
  • Plantefarging, både finne plantene, forarbeid og farging
  • Brikkevev
  • Lefsebaking
  • Ulike måtar å tove på
  • Redesign
  • Tørrmuring
  • Gjerding
  • Grøfting
  • Reparasjon av gamle vindauge
  • Korgmaking
  • Mykje meir

Om du har lyst på eit kurs, kan du sende meg ein epost, og så set eg deg på lista saman med andre som er interessert i same kurset. Er du/de interessert i eit kurs som ikkje er nemnd her, kan du kontakte meg om det, så kan eg sjå om eg kan få det til å skje likevel. Eg kan hyre inn instruktørar om eg ikkje sjølv kan faget. Kurs eg har tenkt å arrangere i fortsetjinga er td korgfletting og kipelaging.

Endeleg er gjestane attende!

Av Ukategorisert Ingen kommentar

Det er godt når ting kjem i gjenge att etter alle koronarestriksjonane. Eg hat tent meir dei to siste månadane enn dei to siste åra. Og gjestane er overstrøymande glade og nøgde. Det er eg og, endeleg aktivitet med folk og besøk! Her er eit lite døme på kva ein gjest laga etter å ha vitja Skrivestova.

Bortom allfarveg Vestlandet

Av Ukategorisert Ingen kommentar

Me har hatt besøk av eventyrer og reiselivspåverkar Gunnar Garfors! Gripen gard og rurale tidsreiser er presentert i hans nyeste bok «Bortom allfarveg Vestlandet.» Det er stas. Støtt Vestlandet og Gripen gard med å kjøpe boka. La dykk inspirere til å reise på Vestlandet. Ekstra stas: boka er skrive på nynorsk.

 

 

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Gunnar Garfors (@garfors)